Kva skjer
Åram Sogelag Årsmelding for 2024
Aktiviteten og verdiane som er samla i Sogelaget, viser klart at laget har ein verdi for krinsen og fellesskapet. Vi trur at lokalhistorie som er teken vare på frå fortid og samtid, vil bli til glede og gi identitet til folket i framtida.
Sjølv om vi i Åram Sogelag har utfordringar med å rekke over alt vi gjerne skulle gjort for å ta vare på lokalhistorie, var 2024 likevel eit år med god aktivitet.
Sogelaget har godt over 60 medlemmear. Eit spørsmål vi ikkje har funne svar på i denne samanheng er korleis vi kan få rekruttert fleire til å aktivisere seg i Sogelaget.
Styret i 2024 har vore Vidar Kløvning, Oddrun Kobbevik Oldeide, Anne Håberg, Annlaug Stokset og Inge Kløvning. Varamedlemmar til styret har vore Randi Nygjerde og Anne Grete Kragset. Vi har dei siste åra praktisert eit kollektivt leiarskap. Vidar har hatt arbeidet med rekneskap og økonomi , og Anne har teke på seg å vere skrivar.
Valnemnd har vore Britt Irene Kvamme og Anne Grete Kragset.
Revisor har vore Alf Kåre Rønnestad.
I den stadig viktigare Fotogruppa i Sogelaget har Tonje Ramse Trædal, Laila Haugen, Bjarne Halle, Annlaug Stokset, Sissel Molvik Vestre, Idar Molvik, Andre Kragset og Britt Irene Kvamme vore engasjerte.
Av medlemsaktivitetar har vi hatt fem møte med ulike innslag. I tillegg hadde vi årsmøte i mars.
Vi har hatt sju styremøte. I tillegg kommuniserer styret på ei Messenger-side.
Søndagane i juli hadde vi også ope både på modellbårsamlinga og på museet.
I juni hadde vi ein eigen sogelagstur til Marit og Svein Bøstrand på den innhaldsrike plassen deira i Birkedalen på Åheim.
Og ikkje minst var Oddrun og Vidar på plass med «Hjørungavåg» frå båtsamlinga vår på den Maritime festivalen i Ulsteinvik i sommar.
Vidare deltok vi med lokalhistorisk program på Åramdagane. Og så hadde vi Førjulskafe på Gamleskulen.
Ei viktig hending for laget var utgjeving av boka «Eventyret i Sandvikdalen». og lanseringa av den framfor julehandelen. Eventyrboka med eit innhald som er lokalt attkjennande, er frå eit manus som Harald Molvik gjorde klart tidleg på 1990-talet. Når dette dukka opp att i fjor, var vi i Sogelaget glade for å få lage bok av det. Og med stor velvilje frå familien etter Harald, og med stor hjelp og velvilje frå redaktøren i Synste Møre, vart boka trykt i eit opplag på 750 eksemplar. Salet gjekk godt og vi vart raskt skuldfrie.
Ei anna viktig utgjeving til Sogelaget, var at vi for andre året på rad ga ut kalendar med minnerike bilde frå krinsen. Fotonemnda tok på seg alt arbeid med denne utgjevinga.
Vi kan og nemne at vi også i 2024 bidrog med lokalhistorisk stoff og artiklar både i årsskriftet «Fotefar» i Vanylven, og i årsskriftet «Segn og Soge» som Harald Molvik og Åram Sogelag starta opp for Sande.
Noko vi i Åram Sogelag er svært glade for , er den økonomiske støtta vi har fått frå fleire. Ikje minst som eigar av Gamleskulen, er økonomien ei utfordring. Ei pengegåve vi vart spesielt glade for, var dei 30.000 kronene vi fikk frå Husmorlaget. Dei viste med dette at dei vidarefører eit ansvar for fellesskapet og for å medvirke til eit godt miljø i bygda og krinsen.
Vidare fekk vi 100.000 kroner frå Sparebankstiftinga i Sparebank 1. Dette gjekk til måling og vedlikehald av Gamleskulen. Ikkje minst til utskifting av glasa og dør på oppsida av Gamleskulen. Noko Oddvin og Erlend Kragset utførde godt og rimelig. Målinga planlegg vi å ta på dugnad no på vårparten 2025.
Så fekk vi 50.000 kroner frå vår lokale Sparebanken Møre i Vanylven. Desse pengane skal brukast til betre å ivareta dei museale samlingane. Og til å gjere oss meir synlege.
Stor takk for dei rause gavene !
I årsmeldinga ønskjer vi også å informere om nokre av tiltaka som vi enten er litt i gang med, eller som vi planlegg.
-Eit tiltak er utgjeving av bok med artiklar om og frå Åram som har stått i «Segn og Soge».
-Sjølv om det vil vere myke arbeid, ønskjer vi å vidareføre ættesoga for Åram, frå den som vart avslutta i Sandesoga på 1990-talet. Vanylven Sogelag er i gang med ei digital løysing for deler av Vanylven. Om vi kan få til noko liknande, har vi ikkje teke stilling til.
-På 1980-talet medverka vi til innsamling av stadnamn. For Sande, -som Åram høyrde til då, vart ikke prosjektet ferdigstilt. For Vanylven vart det gjort ferdig. No er det i gang ei nasjonal satsing på dette, -og med økonomisk støtte. Vi vil prøve å kome med her.
Vi kunne nemnt litt til. Men har truleg nemnt meir enn vi maktar å få gjort noko med.
Takk for 2024 !