Ættesoga for Vanylven

Her kjem diverse informasjon om registreringsarbeid for «Ættesoge for Vanylven».

Bruk lenka sogelagaivanylven.no/reg for vidare arbeid på di datamaskin.

Rettleiing

Vanylven Sogelag har gjort eit stort arbeid med med å gjere “Ættesoge for Vanylven” søkbar på nettet slik at ein kan søkje på person-namn, gards- og bruksnummer og finne fram til delar av slekta. Denne digitaliseringa vil og gjere det mykje lettare å halde opplysningane  oppdaterte.  Alt innhaldet frå dei to ættebøkene, bind I og II, er overført til ein database og vil bli tilgjengeleg via vår nettside.

Arbeidet med ættebøkene («Thunemsbøkene») blei avslutta i i 2010. No treng vi di hjelp til å korrige feil og legge til nye opplysningar slik at ættesoga blir oppdatert og ajourført.

Målet vårt er også at vi kan ha med litt meir stoff  om bygda, garden eller folk. Bilete må sendast som eigne filer. Opplysningane kan de skrive i det dokumentet som de sender oss. Redaksjonsnemnda vil vurdere om opplysningane kan brukast og korleis. Eventuelle innlegg bør vere korte.

Dersom det er fleire eigarar av bruket (bnr), så vil alle desse verte kontakta. Men det er  viktig at eigarane vel ein person som kan stå som kontaktperson.

Slik gjer du det

Vi har laga til registreringsskjema og rettleiing for arbeidet med oppdatering av “Ættesoge for Vanylven”. Desse filene bør du laste ned på di datamaskin/ nettbrett for vidare arbeid.

Tast inn lenka på datamaskinen  sogelagaivanylven.no/reg  for å finne filene på vår heimeside:

A. Rettingar av eksisterande informasjon

    1. Finn din eigedom eller gard i Bind I eller Bind II (Thunemsbøkene)
      • NB: Nye hus/ eigedomar som er bygd etter 2010, er ikkje registrert med gnr/ bnr i «Thunemsbøkene»
    2. Dersom du ikkje har ættebøkene, så kan du klikke på linken til bøkene på denne sida.
    3. Når du har opna boka, kan du «rulle» deg nedover teksten til du kjem til innhaldslista.
      • Leit opp gard, gardsnr og sidetal. Til dømes-  MIDTRE TUNHEIM gnr 17, side 408 (bind1)
    • Øvst oppe til venstre for bokteksten er det nokre ruter der det står:
    5 588
    • I staden for 5, så skriv du inn sidetalet du har funne, 408, og trykk på «enter» og bruksnummer 1 på det gardsnummeret du har valt, kjem fram.
    • Så er det berre å “rulle” seg nedover til du kjem til ditt bruksnummer.
    • På gardsnummer der det er mange bruksnummer, kan det løne seg å bruke stolpen til høgre for teksten for å finne fort fram.
    1. Sjekk om opplysningane som er henta frå «Thunemsbøkene», er korrekte. Kontroller særleg skrivemåtar av namn og  at fødselsdatoar er rette.
    2. Skriv ned eventuelle feil finn. Før dette inn på registreringskjemaet som du lastar ned.
    3. Meld også frå om der ikkje er endringar frå Thunheimsbøkene.

B. Nye opplysningar

Det har skjedd store endringar i samlivsformene . Færre gifter seg, fleire skil seg, ein vert sambuar eller særbuar eller ei lever i likekjønna samliv.

For borna er det viktig å vite at dei “høyrer til nokon”.  Derfor er det viktig at dei får rett namn, fødselsdato, fødestad (der foreldra budde då barnet vart fødd) og namnet på begge foreldra. Dette gjeld sjølvsagt også “bonusborn” . I databasen legg vi inn alle samlivsformer og samliv det har blitt barn av.

Det er vanskeleg å avgrense kor langt tilbake og kor langt ut i slekta de skal gå med opplysningane, men vi  vil legge inn det vi får.

Som ei rettesnor vil vi ha med:

  • Noverande og tidlegare eigar, born av desse  og deira bustad.
    Ver nøgne med fødselsdato og  -år,  fullt etternamn og namn på foreldre.
  • Gardsnummer og bruksnummer.
    For folk i andre bygdelag eller kommunar vil det  vere lettare å finne fram dersom vi tek med gardsnummer og bruksnummer over kvar folk bur.
    • Gnr. og bnr. for din eigedom finn du på skøyte, eller du kan bruke kart på nettet, https://norgeskart.no/. Leit fram hus/ eigedom på kartet og klikk på den eigedomen du vil ha info om.
  • Eigarar av nye bustadar/ eigedomar
    NB: Det er mange i Vanylven som har skifta/ bygd bustad etter at «Thunemsbøkene» kom ut . I tillegg har mange av borna kjøpt hus/ eigedom i kommunen.
    Desse personane må fylle ut eige skjema med gnr og bnr for den nye bustaden/ eigedomen.
  • Er du innflyttar?
    Det er mange personar/ familiar som har busett seg i kommunen sidan 2010. Desse er ikkje registrert i ættebøkene.
    Vi ber difor om at innflytte /eigarar av bustadar,  fyller ut registreringsskjemaet og sender inn opplysningane til sogelaget slik at du og din familie blir registrert i ættebøkene.

C. Innsending av skjema: Frist 1 mai

Når opplysningar og evt. rettingar er utfylt i skjemaene, så sender du dokumenta på e-post  til post@sogelagaivanylven.no  

For å gjere det lettare å lagre og registrere dokumenta de sender inn, så ber vi om at ein brukar gardsnr og bruksnr  i  filnamna.

Til dømes:
A gnr 10 bnr 133.doc (dokument 1)
B gnr 10 Bnr 133.doc (dokument 2) osb     

Dersom du har fylt ut dokumenta for hand og ikkje får sendt desse på e-post, så ber vi deg om å sende dokumenta i brev til:

Vanylven sogelag
Fiskåvegen 251
6143 Fiskå

Dersom ein lurer på noko, kan Dykk vende Dykk til

Sogelaget har også oppretta ei eiga side på facebook som heiter «Ættebok for Vanylven»

Skjema:

Registreringsskjema og og informasjonsark kan lastast ned ved å klikke  på linkane nedanfor

Når skjema for både rettingar og nye opplysningar er utfylte så sender de dokumenta på e-post til

post@sogelagaivanylven.no

For å gjere det lettare å lagre og registrere dokumenta de sender inn, så ber vi om at de brukar gardsnr  og bruksnr i filnamna.

 

 

Sogelaga i Vanylven