FISKÅ – gamle sentrum.

Dette er ein artikkel som er skriven av Lasse Rindal:

 

FISKÅ.

Gamle sentrum.

Strandstaden Fiskå har frå gammalt av vore ein viktig handelstad og eit sentralt knutepunkt i Vanylven. Nausta og dei gamle bygningane slik som vi kjenner dei i dag, har stått her i lang tid. Mange av dei i over 100 år. Strandstaden ligg i ly av Fiskåholmen og strekkjer seg fram til Fiskåosen.

Det er dokumentert busettingar i området frå svært gamal tid. Det som gjer at vi med sikkerheit kan sei at det har vore folk her i uminnelege tider, er dei funna som er gjort i området.Ved industrireisinga på Fiskåholmen rundt 1970, vart det under arkeologiske utgravingar funne ei kvinnegrav frå folkevandringstida, som kan tidfestast til omlag år 500-600 e.kr.Det vart og funne restar etter eit stort naust, og ein kan fabulere om kanskje det kan vere eit vikingnaust eller naustet til Vanylven skipreide. Dette kan ikkje dokumenterast.

Ved Fiskåosen var det arkeologiske utgravingar då gangvegen skulle byggjast. Her fann dei   stolpehol etter eit lang-hus som ein meiner er 2000 til 2300 år gamle.

Foto frå 1894-1895. Det eldste kjende foto av Fiskå. Foto er utlånt av Ottar-Jan Løvoll.

Mellom desse funnområda ligg strandstaden Fiskå, vakkert plassert, vendt mot syd med godt bevarte naust. Det er dokumentert at her har det vore naust heilt tilbake til første bruksdelinga  i 1744.

Skulpturen «Fisken» som er reist midt på den gamle haldeplassen, er eit symbol på busetnaden i tidlegare tider. Utforminga rundt av plassen rundt «Fisken» – ein båt  – symboliserer at båten har vore svært viktig for utviklinga av Fiskå og resten av kysten. Frå gammalt av var det ferdsel på sjøen som batt saman land og folk. Først med små og store ro- og seglbåtar,  seinare med sunnmørsjektene og fjordabåtane.  Inne i fisken ser ein modell av det gamle stolpehuset og Fiskåelva, ein gong ei fiskerik elv, som truleg var opphavet til namnet Fiskå.Skulpturen vart avduka av Statsminister Kjell Magne Bondevik i 2005.

Dei fleste bustadhusa som står i gamle sentrum i dag, vart bygde på slutten av 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet.

Mellom nausta strekkjer det seg i dag ein steinvorr ut i sjøen ved Håmannsberget. Vorren blir til dagleg kalla «bryggjå» og var ein tilkomst og vern for småbåtar. I 1825 vart vegen mellom Eidså og Fiskå utpeika som hovudveg og postveg. Av omsyn til postføringa og anna ferdsel, lyste Amtet ut i 1836 at det skulle byggast landgangsvorrar på Eidså og Fiskå. Begge vorrane vart bygde og folket tykte godt om dei på fleire måtar. No var det lettare å føre varer til og frå båtane. Då vegen mellom Fiskå og Eidså vart ferdig i 1840-åra vart bryggjå endepunktet på den nye vegen.

Ein ser tydeleg at vorren har vore bygd på og forlenga i nyare tid. Det skjedde sist i 1928-29, og steinbryggja hatt same utforminga sidan den tid heilt fram til i dag. Ein kan tydeleg sjå konturane  etter den gamle vorren.

I slutten av 1800-talet stod det ei lita sjøbod på Håmannsberget. Dette var eit bud som vart kalla Reitebua. Den høyrde til garden Reite. Sjøbuda  kan vi tydeleg sjå på gamle foto av Fiskå sentrum.

I gamle dagar var det skyss-stasjon på Fiskå. Skysstasjonen hadde ansvar for skyss med hest nordover Syvdseidet og med robåt sørover.  Båtskyssen var først mellom Fiskå og Åheim. Seinare då vegen mellom Slagnes og Åheim vart ferdig langt utpå 1900-talet, vart det å skysse til Slagnes. Det var gardane Reite, br.nr. 5 og Gjerdet, br.nr.1 som var pålagt i kongeleg resolusjon å vere skysstasjonar på  Fiskå.

I hovudsak var all ferdsel mellom bygdene i Vanylven og øyane utanfor med båt. Det var dårleg med vegar. Det er fortalt at det var vanleg å gå langs fjøra når ein skulle ut på Nordstranda. Folk rodde lange strekningar. Dei kunne sitje timesvis i færingane og ro.

Jektefart til Bergen var lenge vanleg i Vanylven slik som andre stadar på Sunnmøre. Seinare kom fjordabåtane og Bergensbåten som hadde anløp til Åheim og Fiskå.

Vanylvsfjorden har alltid vore ein fiskerik fjord. Her har ein fiska mykje sild og torsk. Det låg ofte jekter i ly av Fiskåholmen og lasta fisk og landbruksvarer som skulle til Bergen. Presten Lind kan fortelje at det alt i 1644 var stor eksport av fisk frå Vanylven og Fiskå til Bergen. Det har vore handel med Bergen i lang tid tilbake, og etter kvart måtte ein ha Borgarskap og borgarbrev i Bergen for å drive med handel i vårt område. Den fyrste som fekk borgarskap i Bergen og kunne drive med handel i vårt område, var Nils Sveinson Fluevågen. Han fekk sitt borgarskap i 1633, og han dreiv handel i Fluevågen.

I følgje gamle dokument vart mange straffa for handelsverksemd opp gjennom åra frå 1600 og fram til 1866. I 1842 kom ei ny lov som letta på desse strenge krava, men framleis var det vanskeleg å starte handel. Borgarskapet i Bergen var i mot, for dei ville hegne om sine privilegium.  Men frå 1866 kunne ein løyse handelsbrev hos lensmannen, og då vart det mykje enklare for folk å starte handel.

Etter den nye forordninga av 1842 kom Fredrik Blichfeldt til Vanylven. Han var son av ein prest i Volda, og kona var dotter av ein prest i Innvik. Han dreiv handel på Fiskå i ca.10 år. Namnet Blichfeldt-haugen kjem frå denne tida.

I 1885 starta Olai Britanius Fiskaa opp ein landhandel. Denne handelsbedrifta fekk etter kvart tilnamnet «O.B.»  Namnet på landhandelen vart nytta i fleire generasjonar etterpå, heilt til siste butikken vart lagt ned på 1990-talet.

Olai Britanius Fiskaa starta handelen i ei lita sjøbu med vindehjul, Reitebua. Den sto på austsida av  Håmannsberget,  kloss inn til steinbryggja. Olai kom frå garden Fiskaa, br.nr. 4, men sjøbua høyrde  til garden Reita, br.nr.5.

Sjøbua var ikkje stor, og difor vart ho fort for lita til å drive handel i. Olai bygde etter kvart nytt stovehus og butikk i 1888 nede ved sjøen på eit utmarkstykkje om høyrde til garden Fiskaa, br.nr. 4. Dette huset står endå og er godt vedlikeheldt. I mange år er det blitt kalla «Klarahuset». Klara var ei av jentene til Olai, og ho budde her i mange år på sine gamle dagar. Det nye huset til Olai Britanius var eit hus på 1 1/2 etasje med kjellarmur  av gråstein. Steinen til murane tok han frå Blichfeldt-marka. I 1. etasje var det butikk, kontor og stove, og i 2. etasje var det 2 bustad/soverom, kjøken og gang. I kjellaren hadde ein bakeri.

Eit lite stykke vest på eigedomen vart det sett opp eit mindre våningshus i 2 høgder. Her innreidde Olai rom for handsaming av smør i fyrste høgda og eit gjesterom.

Det første postkontoret på Fiskå vart opna i butikken til O.B. i 1891.

Fiskå landhandel kring 1898.       

Til venstre ser ein «Klarahuset» som var første bustaden og  forretninga til O. B. Fiskaa. I midten den nye butikken og lagerhuset. Til høgre ser vi smørmeieriet. 

 

O.B. brukte fortsatt den gamle sjøbua på Håmannsberget til fiskemottak. Han dreiv og med tranutvinning på Fiskåholmen.

Det var ikkje berre varer som skulle inn til Fiskå. Det var like viktig å frakte ut handelsvarer. I desse åra vart det drive med fiskemottak, mottak av huder og skinn samt livdyr. Det meste vart sendt til Bergen.

Fiskåholmen. Utsnitt av  foto frå 1906-08.   Heilt framme til venstyre på biletet ser ein trankokeriet til O. B. Fiskaa.

 

Olai gifta seg i 1890 seg med Berte KnutsdatterY-Tunheim. Dei fekk 10 born og mange etterkomarar.

Handelen auka mykje, og i dei neste 10 åra vart det stadig forandring og tilbygg for å stette krava som dukka opp. Familien vart større og huset som Olai bygde i 1888, vart for lite.

Rett sør for bustadhuset åtte garden Fiskaa eit åttringnaust. Det var eit stort naust og Olai bygde på ein etasje på naustet. Andre høgda vart så innreia til landhandel. I første etasjen vart det saltlager og fiskemottak. «Klarahuset» vart då eit reint bustadhus, men framleis med bakeri i kjellaren.

Det gamle åttringnaustet vart etter kvart utvida både i høgde og bredde for det vart behov for større plass. Etter at Olai slutta som handelsmann, tok sonen Olav over. Han bygde om bygninga og flytte butikken ned i 1. etasjen, og det vart bygd husvære i heile andre høgda.

Det var ei rivande utvikling på Fiskå i 1890-åra og utetter. I 1889 starta  Olai B. Fiskaa damp-skipsekspedisjon, og den første rutebåten kom i drift med sporadiske anløp til Fiskå. Litt seinare kom D/S Nordfjord i fast rute mellom Bergen og Romsdalen og hadde fast stoppestad på Fiskå. Desse rutebåtane vart ekspedert med føringsbåt. Dette var sjølvsagt tungvint, så kai måtte til. I 1905 sto den første trekaia ferdig rett ut frå butikken.

Kaia. Utsnitt av foto  frå  1906-08

På biletet ser vi landhandelen og kaia til O. B. Fiskaa og den gamle steinvorren  slik som den opphaveleg var. Ved enden av vorren ser vi den gamle Reitebua.

 

Kaia som var sett opp av treverk, vart seinare erstatta av ei lang kai av betongdekke fram til yste delen som framleis vart sett opp av tre. Der vart det bygd kaihus. Dette for å stette krava som kom med auka varehandel og større rutebåtar.

Det vart og bygd nokre lagerskur frå butikken og nedover mot kaia. I 1950-åra vart det her bygd det første fryselageret i bygda. Her kunne folk leige seg fryseboksar som kunne låsast. Dette var før heimefrysaren vart allemannseige.

På kaia brukte bygdefolket å møtte opp kvar søndag for å frette nytt og sjå kven som kom og reiste. Det var høgdepunkt i veka. Men på slutten av 1960-talet så kom det ei ny tid. Det vart slutt på anløp av den kjente og kjære Bergensbåten som han vart kalla. Det vart rutebussen og vareruta som tok over.

Butikken til O.B. Fiskaa trengte etter kvart ei fornying og utviding. I 1971 vart det sett opp nytt og tidsmessig forretningsbygg i 2 etasjer på Blichfeldt-marka nokre hundre meter lenger framme i bygda. Dette var på området som var oppkalla etter prestesonen og prestedottera som hadde starta forretning rundt 1842.

På Blichfeldt-marka stod det bygd ei løe med ein liten fjøs. Bygget vart reve då det nye rådhuset vart bygd.

Etter kvart vart det også generasjonsskifte i bedrifta. I 1928 tok sonen Olaf over etter Olai, og i nyare tid tok sonen Ottar over då den butikken på Blichfeldt-marka sto ferdig i 1971.

Etter at borgarskapet i byane mista sitt privilegium i 1866 for å drive handel, vart det ei oppblomstring rundt om i bygdene. Det vart det og på Fiskå. Fleire forsøkte seg med handel knytt til vegen ned til steinbryggja.

Ein som sette sitt preg på og spor etter seg ved utviklinga av Fiskå sentrum, var forretningsmannen, bygningsmannen og gardbrukaren  Severin Gregoriusen Strand. I dagleg tale vart han kalla S.G. Strand.

I 1895 bygde han opp eigedomen «Fridheim» , br.nr. 13, med bustadhus og eit mindre hus der han hadde skomakarverkstad og dreiv landhandel frå 1897. Det vesle huset vart seinare lensmannskontor og tingstove. Han sette også opp eit stort uthus som hadde ei stor grue og to rom i andre etasje for å huse tenestefolk.

Uthuset hadde tidlegare vore var ei handelsbu familien Ravn hadde brukt i si handelsverksemd på Åheim.

I 1901 selde S.G. Strand eigedomen Fridheim til lensmann Johan Pedersen Widsten. Widsten var frå Stårheim og var gift med Magdalena Svendsen frå Volda. Han flytte til Vanylven i 1895 og tok over som lensmann etter Michael Lund.

Michael Lund (f. 1832 -d. 1913) hadde vore lensmann heilt frå 1863 og fram til 1894. Han kom frå Borgund og kjøpte garden «Fredsvoll» ,br.nr. 3, av lensmann Follestad i 1866, ein gard som Lund dreiv fram til ein av dei beste i kommunen.

Det var lensmann Ingebrigt Olsen Follestad frå Ørsta ( lensmann frå 1846 til 1863) som hadde kjøpt garden Fredsvoll frå eigarane av dei 3 Fiskågardane i 1846. Han var ein drivande kar og tok opp fleire saker som var til bate for kommunen.

Då Widsten slutta som lensmann, vart Lensmann Mons Bruvik frå Hordaland kst. lensmann nokre månader i 1913. Han kollsegla  i Vanylvsfjorden under ein tur til Åheim. Både han og dei to båtførarane drukna.

I 1914 kom Ivar Hole frå Eidsvåg i Nesset kommune og vart ny lensmann. Han kjøpte Fridheim i 1915. Han gifta seg i 1923 med Lovisa Ullebust. Lensmann Hole døydde i 1928. Enka etter Hole leigde ut huset og lensmannstova  til den nye lensmannen, Andreas Dyrhaug fram til 1935. Då bygde han huset «Dyrstad», br.nr.38, aust for Fridheim.

Bror til Lovisa, Matias Ullebust, vart gift med Anna Sivertsd. Sylte frå garden Gjerda, br.nr. 1. Matias kjøpte Fridheim, br.nr. 13, av søster si i 1936 og eigde staden fram til 1952. Heilt frå Widsten si tid og fram til huset «Dyrstad», br.nr. 38, sto ferdig i 1935, var det i alle år lensmannskontor og tingstove i det minste huset på Fridheim.

Dyrhaug slutta som lensmann i 1949. Vanylven og Syvde Sparebank tok då over «Dyrstad». Sparebanken leigde ut huset til dei neste lensmennene som kom.

  • Einar Orten, lensmann frå 1949 -1962
  • Olav Osnes, lensmann frå 1962 til han bygde seg hus ved Eids-berget.

1970 tok Vanylven kommune over huset og brukte det til tilsette i kommunen.

I 1952 kjøpte Alfred Thunem «Fridheim». Han utvida huset ein del bakover, og seinare vart  fasaden forandra slik at huset vart meir tenleg som bustadhus.. Då «Fridheim» vart bygd, var det eit flott 1800 tals-hus med høg standard. Forandringane som vart gjort seinare av fleire eigarar, gjorde at det vart vanskeleg å restaurere huset tilbake til opphaveleg utsjånad.  Huset vart rive i 2016.

Då Alfred Thunem kjøpte «Fridheim» i 1952, valde Matias Ullebust å halde tilbake det vesle huset som hadde blitt nytta til lensmannskontor.

Kona til Matias Ullebust hadde vore postopnar frå 1919, og postkontoret vart frå då av plassert i eit av romma i smørmeieriet til O.B. Fiskaa. Postkontoret var og nokre år i huset til Teigen, men flytt over til det tidlegare lensmannskontoret i kring 1935 som Matias Ullebust hadde kjøpt, og Matias vart då poststyrar. Denne jobben hadde han i 33 år heilt fram til 1968.

I 1952 fekk huset eige bruksnummer og vart kalla «Postheim».

Idar Rusten tok over som poststyrar i 1968, og i 1973 vart postkontoret flytta til bustaden til Idar Rusten.

I tida frå 1935 og fram til 1952 vart Postheim i tillegg til postkontor, også nytta til bustad. Ei tid var det og skomakarverkstad i huset.

I 1973 kjøpte Målfrid og Lasse Rindal  «Postheim». Dei starta opp manufakturforretninga « A/S Lator» og held til der frå 1975 og fram til nytt forretningslokale sto ferdig i 1983. Det nye forretningsbygget vart sett opp vegg i vegg aust for «Fridheim».

Målfrid og Lasse Rindal bygde og nytt bustadhus 1980 rett bak butikken.

Den første postruta gjennom Vanylven starta allereie i 1823. Posten vart frakta frå Eidså over til Fiskå og vidare med båt til Åheim. Den første postberaren (postkarl) gjennom Vanylven var Amund Amundsen Thunheimsbøen. Han budde på Fiskaa-garden der søster hans var gift. Han fekk stillinga i 1824, Han var då berre 18 år gamal. Han gifte seg i1833 og flytte til Eikrem. Husbonden på Fiskaagarden, br.nr. 4, Ole Torbjørnsen Fiskaa tok over ansvaret med posten. Stillinga gjekk i arv, og sonen Anders tok over og vidare sonen hans igjen, Olai Britanius, første «O.B.». Han hadde postkontor på Fiskå i butikken sin frå 1891.

Etter at S.G. Strand selde det fyrste huset sitt «Fridheim» i 1901, bygde han deretter «Vestheim», br.nr. 19. Det sto ferdig i 1902. Strand starta butikk i 1. etasjen (kjellaren), og det var bustad i 1 1/2  plan over den.

Vanylven og Syvde Sparebank hadde kontor i stova over butikken nokre år. Seinare flytte dei kontoret til Bergheim i 1910.

Foto frå 1905-09.

Frå venstre «Vestheim», i midten «Postheim» og til høgre «Fridheim». Lengst til høgre ser vi  «Bergheim». På enden av veggen på «Vestheim» ser vi skiltet som sparebanken hadde sett opp.

 

På slutten av 1920-talet og utover på 30-talet vart det vanskelege tider i Noreg, til liks med mange andre land. Det førte med seg at mange gikk over ende med konkurs. I 1929 gjekk S.G. Strand  konkurs.

O.B. Fiskaa var også gjennom ein konkurs i denne perioden, men starta etter kvart oppatt forretninga si.

«Vestheim» derimot gjekk på auksjon i 1929, og vart kjøpt av Ole Rasmussen Haugen. Han overtok også eit naust som høyrde til eigedomen, det største naustet i nede i fjøra. Naustet var bygd av S.G. Strand og vart brukt i samband med forretninga. Ole Rasmussen Haugen skøytte Vestheim over til sonen Oddvar Olsen Haugen som då vart eigar av huset. Han dreiv landhandel i kjellaren.

Eldste sonen til S.G. Strand, Georg, tok tilbake eigedomen på odel i 1934 slik at den kom inn i slekta  igjen. Georg budde i Bergen og brukte staden til utleige og feriestad fram til han vart pensjonist. Då flytta han og kona Camilla til Fiskå og budde her i fleire år. På sine eldre dagar flytta Georg tilbake til Bergen.

Det var mange familiar som i lengre og kortare periodar, var leigetakarar i  huset fram til slutten av 1950-åra. Mellom anna Johan Langberg som var styrar på Fiskå Handelslag, budde her fram til det nye samyrkelaget sto ferdig i 1951. I denne tida nytta Georg Strand huset som feriestad, og han brukte berre øvste etasjen.

Kjellaren vart utleigd til landhandel og andre  føremål. Marie og Erling Strand dreiv landhandel her nokre år. Ei stund hadde kommunen folkebibliotek her.

I 1969 tok Sverre, sonen til Georg og Camilla, over staden. Søster til Sverre, Ragnhild, tok over etter bror sin i 1970-åra. Ho og mannen Einar Ebbesen nytta først huset som feriestad og seinare ei tid, budde dei fast her. Siste åra har huset vore berre nytta som feriestad.

Som tidlegare omtala var steinvorren eller bryggjå eit knutepunkt. På marka som støytte til, var det naturleg at fleire forsøkte seg på handel opp gjennom tidene. Det har stått fleire små hus på denne marka som det har vore drive handel frå. Desse handelsmennene var:

  • 1870 – 1872: Laurits Madsen Brekke handel og bakeri . Han var og urmakar.
  • 1872 – 1886: Jon Ellingsen Storeide og kona Samuelina

Begge desse handelsmennene hadde bygsel frå garden «Reite», bn.nr. 5.

Jon tok over våningshuset til Laurits og byrja med handel i «Reitebua». Der var det eit butikkrom med disk og lagerrom. I 1878 bygde han ein fjøs- og lødebygning på gråsteinsmur. Han bygde og eit naust med halvtak vegg i vegg med våningshuset og innreidde eit kammers på loftet. I kjellaren panelte han av eit butikkrom og flytte handelen dit. Våningshuset vart seinare rive og flytta til Y-Myklebust (2). Også Reitebua vart rive og materialane brukt til eldhus i Reitetunet. Bygselet gjekk så attende til Reitebruket.

Tettstaden Fiskå.  Foto frå ca. 1918-19.

På biletet ser vi våningshuset som Jon Ellingsen Storeide sette opp like nord for bryggja.

 

Så i 1916 fekk Matias Olaisen Eide (svigerson til Jon) og kona Ingeborg Hansdotter Fiskå ( Reita )  heimel på staden ( Skilt ut frå garden Reita).

I 1920 vart Fiskå Handelsslag skipa. Handelsforeninga bygde butikk om lag der «Fisken» står i dag. Gerhard Dalen vart tilsett som styrar. Etter Dalen vart Johan Langberg ny styrar. Han var styrar fram til 1955-56.

I 1947 vart namnet på forretninga endra til Fiskå Samyrkelag. Nokre år før hadde ein kjøpt ny tomt og det nye samyrkelaget vart ferdig oppført i 1951. Seinare vart Samyrkelaget utvida austover over  to gonger.

Det gamle huset til Samyrkelaget kjøpte Oddbjørn Eide, son til Matias Eide, og bygget vart i 1953 flytta vestover, nokre meter inn på eigedomen « Eide-marka», br.nr. 6..  Dette bruket strekker seg frå «Bryggjå» og opp til vegen ut mot Nordstranda.

 

Oddbjørn Eide var slaktar og pølsemakar. Etter krigen kom han og kona Åsta heim frå Stokmarknes. Han tok over bruket etter sin far. Oddbjørn starta som slaktar og pølsemakar i kjellaren i våningshuset.  I 1955 starta han og kona, Åsta, utsal av kjøtvarer og kolonialvarer frå handelslagsbutikken fram til butikken vart lagt ned i 197…

Butikken til Oddbjørn Eide vart nokre år utleigd til samyrkelaget som starta snack-bar og videoutleige. Huset vart så bygd om til bustadhus, og dottera  til Oddbjørn og Åsta Eide, Inger Anne og hennar mann Tore  Bjørneseth, budde der. Sonen deira igjen, Jon Sverre Bjørneseth, fekk skilje det frå garden og tok over huset. Huset fekk nye eigarar i 2016 (?).

Dei reisande hadde frå gamalt av teke vegen over Syvdseidet mellom Eidså og Fiskå for dette var den raskaste vegen når ein skulle reise over land.

Alt i 1838 kom det spurnad frå Amtmannen som meinte det var behov for overnatting på Fiskå. Heradstyret hadde det til handsaming og hadde føljande  konklusjon. Det er ikkje behov, det er for få reisande.

I 1842 då Fredrik Blichfeldt byrja med handel på Fiskå, søkte han heradstyret om løyve til drive med overnatting. Heradstyret hadde på nytt same grunngjevinga: Det var ikkje behov for dette, for det kunne verte drikking av brennevin blant folket, og han fekk avslag.

I 1883 søkte Jon Storeide om det same. Han hadde som omtalt ei lita stove han dreiv handel frå borte ved steinbryggja. Avslag, same grunn som tidlegare.

I 1921 kom Ole Teigen til bygda. Ole vart gift med Emma Sylte frå garden « Gjerda», br.nr. 1 . Dei fekk eit stykkje ut av ein parsell som garden «Gjerda» eigde.  Ole bygde «Teigheim» brn.31. Han fekk løyve til å drive herberge med sal av mat og kaffi samt bakeri. Emma Teigen held fram med utleige av rom etter at mannen døde i 1943.

Son deira, Dankert, tok over eigedomen i 1941. I 1945 vart tomta utvida mot aust. Etter krigen fortsette Dankert med bakeri i kjellaren der faren hadde halde til. I 1960 vart Dankert gift med Lydia Steinnes frå Volda. Dei bygde på huset og vart eigarar av ein stor moderne kafé og utsalsstad for bakervarer. I tillegg hadde dei utleige av rom. Det vart slutt på drifta av bakeriet og kaféen i 19…

Dotter deira Eli eig no huset.

Det eldste huset som står i sentrum i dag, er «Bergheim» br.nr. 14. Huset vart flytt frå Fluevågen i 1875 og sett opp  på eit stykkje som Reita, brn. 5, eigde. Det var Paul Eriksen Nord som flytte huset. Han hadde nok berre bygsel eller løyve til å sette opp huset for å bruke det bustadhus.

Paul Nor var smed og hadde smia si oppe på Fredsvoll, br.nr. 3, hjå lensmann Lund. Paul hadde vore i smedlære hos onkelen sin, som var smed på vegen som vart bygd over Maurstadeidet til Åheim. Han døyde i 1895.

Paul Eriksen Nord var son av Erik Nord som var Eidsvollmann frå Nordfjord. Eirik møtte på den  andre tingsamlinga på Eidsvoll i 1814.  Han var også mellom nokre Eidsvollsmenn som var utsendingar til Stockholm for å møte på slottet der. Noreg hadde fått felles konge med Sverige etter at Danmark måtte gi frå seg Noreg i 1814. Det vart ei dempa stemning då den svenske dronninga, Hedvig Elisabet, kom inn i rommet der  Eidsvollsmennene frå Noreg var samla. Men Erik var ein lettliva Nordfjording og fekk i gong samtalane med Dronninga. Dette gjorde så sterk inntrykk på Dronninga at ho sende ei gåve til Erik etter han var komen heim. Det var eit flott skrin dekt av edelsteinar. Dette skrinet selde Eirik og fekk så myke for det at han kjøpte ei Nordfjord-jekt. Han kalla ho «Håpet». Han ville at sønene skulle drive jekta, og det var fordi ville få skikk på gutane som var litt vilter av seg. Difor vart namnet på jekta «Håpet».

Tettstaden Fiskå. Foto frå 1954.

 

I 1897 kom første legen til Fiskå. Det var Gustav Vasa Ottesen, nyutdanna lege, som kom frå Brønnøy i Nordland. Han fekk overta Bergheim som vart bustadhus og legekontor fram til 1908. Då reiste Ottesen til Kistrand i Finnmark.

I 1910 kjøpte Vanylven og Syvde Sparebank huset og flytte banken hit, og ein dreiv banken her fram til 1970 då den nye banken sto ferdig. I tida det var bankdrift på Bergheim var det bustad for bankkasseraren med familie, først Olai Aahjem, så Knut Rønnestad.

Kommunen kjøpte eigedomen i 1970, og Teknisk etat hadde kontor i huset fram til Rådhuset sto ferdig. Kunstforeininga Vindane fekk låne «gamlebanken» som vart brukt som kunstlokale og til utstillingar i fleire år.

I 200? fekk Øystein Ruud ta over huset.

Då Gustav Vasa Ottesen reiste frå Vanylven i 1908, vart ein utan distriktslege i mange år. Næraste lege her i området budde på Larsnes, og som ein forstår var det tungvint å reise dit.

Det vart fleire gonger prøvd å få tilsett ny lege utan resultat sjølv om det vart lokka med ei årslønn på heile 400 kr. +  5 kr. pr. sjukebesøk. Seinare vart årslønna heva til 700 kr. og så til 1000 kr. pr. år utan at nokon søkte.

I 1914 meinte Amtmannen at det måtte byggast nytt og tidsmessig hus til ny lege. 23 mai same året vart det bestemt å bygge nytt hus som fekk namnet «Helsebot» Etter huset vart bygd i 1914, så kom det til å stå tomt fram til 1917 då lukkast det å få Gustav Vasa Ottesen til bake til Fiskå og Vanylven. Han kom då til eit tidsmessig flott bustadhus som med eit svært bra legekontor i kjellaretasjen. Ottesen var distriktslege fram til 1933. Han bygde seg seinare eige hus på Fiskå.

I 1933 kom Nikolai Tørlen og tok over som distriktslege. Han var frå garden Tørlen ,bn.nr 1. Han var lege fram til han døde i1941.

Etter den tid har følgjande legar budd i huset og hatt legepraksis i kjellaren.

  • Frå 1941 – 1943: Olav Sæter
  • Frå 1943 – 1953: Johannes Schiøtz, frå Nes på Hedemarken
  • Frå 1953 – 1956: Knut Sigurd Hovi, frå Ø. Sildre
  • Frå 1956 – 1965: John Moen, frå Sirdal
  • Frå 1965 – 1977 : Olaf Vidnes . Han budde på «Helsebot» fram til 1973. Då bygde han eige hus rett ved Vanylven Sjukeheim.

Frå 1973 vart den gamle doktorbustaden «Helsebot» brukt av tilsette i kommunen fram til Johanna Fiskå kjøpte huset. Seinare tok sonen, Ole Fiskå, over og eigedomen er i hans eige no.

  1. Vestheim
  2. Postheim
  3. Fridheim
  4. Dyrstad
  5. Fredsvoll- tidlegare lensmannsgard
  6. Helsebot- doktorbustad
  7. Løda på Blichfeldt-haugen
  8. Steinvorren / Bryggjå
  9. Håmannsberget
  10. Plasseringa av den gamle sjøbuda
  11. Eide-butikken/ tidlegare Fiskå handelslag
  12. «Klarahuset»/ Olai Fiskaa sitt første hus/ butikk
  13. B.-butikken med lagerhus/ bolig i 2. etasje
  14. Teigheim – bakeri/ pensjonat
  15. Fiskå Samyrkelag

NB: Bak Dyrstad kan ein skimte Bergheim – eldste huset i sentrum i dag.

Sogelaga i Vanylven