Dei store linene

Gunnar P. Strand gjev oss i denne artikkelen eit samandrag av utviklinga i Noreg, og dermed også i Vanylven, i åra frå 1350 og fram til 1980.

Dei store linene: Vanylven 1350 til 1980.

Den store Manndauden, Svartedauden, ca. 1348-1350,med etterfylgjande pestar fram mot 1500 reduserte folketalet i Noreg med over 60 %. Folketalet var ca. 500000 før 1350 og ca. 200000 i 1520(Ersland og Sandvik 1999:42ff). Folketalet begynte å stige frå ca. 1500, men kom ikkje opp att på 1350 storleik før nærmare 1700-talet og blei dobla derifrå fram til om lag 1800 (ca. 880000)( Dyrvik 1999:90), for så å bli dobla att til 1875 (ca. 1800.000) (Pryser1999:30). Reduksjonen i folketalet etter Svartedauden førde til enda større reduksjon i jordleiga som hadde vore det økonomiske grunnlaget for konge og adel, (Ersland og Sandvik 1999:57ff). Kongen vart bankerott og adelen greidde ikkje å halde oppe adelskapet. Landet vart nesten utan innanlandsk leiarskap som kunne fremje landet sine interesser. Dette vart enda verre etter Reformasjonen frå 1536 då Noreg vart hærteke og i røynda styrt av danskane (ibid.162).

Landbruket var viktigaste næringa og utviklinga i samfunnet var svært avhengig av kven som eigde jorda. Etter reformasjonen 1536 overtok krona kloster- og kyrkjegods (Ersland og Sandvik 1999:154ff). I Vanylven galdt dette Erkebispestolen med ca. 20 % jordleiga, Helgeseter kloster ca. 13 % og Selje Kloster ca. 18% , samt noko kyrkjegods (Fiskå 1957:xviii)  (Dyrvik 99:52,126), (Fiskå 1957:xix). Kloster- og krongodsa vart selde ut frå 1660 for å betale for krigane(Dyrvik 1999:124). Godsa blei for det aller meste selt til utanbygds folk; byborgarar og embetsmenn. Kyrkjene, derimellom Vanylvskyrkja, med tilhøyrande jordegods vart selt frå 1723-åra (Dyrvik 1999:127). St. Jørgen-godset med ca. 1/5 av jorda i Vanylven vart selt til brukarane rundt 1830- 1840 (Fiskå 1957:xviii). Godsa var oftast strøgods, dvs. ideelle partar i mange gardar der jorda låg i teigeblanding, noko som hindra rasjonell drift, nydyrking, grøfting og gjødsling. Då folk ikkje eigde jorda og mange hadde års- eller treårsavtaler var det mykje flytting, som også hindra langsiktig drift av jorda. Jordskifte var oftast umulig. Det meste av borgargodsa var selt til brukarane frå 1750-åra og fram mot siste del av 1800-talet. Med utanbygds eigarar vart Vanylven tappa for kapital, då mesteparten av overskotet gjekk ut i form av jordleiger og det meste av tienda. Skattetrykket og utskriving av soldatar med mat og utrustning (Fiskå1965:391ff), var veldig tungt. Etter Krigsordinansen av 1624 skulle det stillast ein soldat på 4 fullgardar. Dette utgjorde ca. 40 soldatar i 1612 (Fiskå1965:391). Frå 1644 var det 1 soldat for 3 fullgardar. Mange av soldatane kom aldri heim att. Mange «bleiv» også dvs. kom vekk på sjøen. I 1727 var det 14 skifter etter «blevne» det året, då er ikkje dei fattige som «bleiv» talde. Dei hadde ikkje noko å skifte (Tidsskrift for Vanylven Sogelag 1999:29).   Det var eit enormt underskot på menn. Til dømes budde det i 1739 ca. 350 kvinner og 200 menn i Vanylven sokn(Fiskå 1965:18). Dette må ha vore ei enorm katastrofe i eit svært arbeidskrevjande samfunn. Jordbruket var eit naturalhushald der det aller meste av det ein trong vart laga på garden. Gardsdrifta var konservativ og teknologisk nokså primitivt med gardsreiskap av tre, kanskje med jernskodde spadar og ardar sjå t.d. (Sæter 1980:37, Dyrvik 1999:116). Drifta var svært arbeidskrevjande. Høy vart ofte slege i utmarka og ofte teke heim på ryggen. Kornet var vel mest arbeidskrevjande. Det skulle pløyast og såast, det vart skore med sigd og tørka på hes.  Ein treska med tust, dryfta med trog, tørka det i gryte og mol på kvern (kulturminne) eller handkvern. Dei fleste klede vart laga heime. Her var ikkje skog, tømmer, langs fjordane. Tømmer måtte kjøpast langt vekk. Fjella vart tekne meir i bruk. Ein brende fjella til beite. Svelteforing var vanleg om vinteren. Avdråtten fekk ein av beiting. Ein  mjølka og gjette dyra på fjellet.Sela på Beksle kan tene som lett tilgjengeleg kulturminne. Torv var brukt til brensel (torvløder?). Bøndene prøvde å skaffe kontantar til skattar, med mangesysleri, særskilt sesongfiske.

Alle dreiv heimefiske for dagleg bruk .For å tene pengar var det  sesongfiske som galdt, helst utanom vår- og haustonn. Det skjedde frå opne båtar med årar og segl heilt fram til ca. 1900 då de begynte å bruke dekksbåtar (Fiskå 1965:285ff). Dei første båtane med motor kom rundt 1910. Då ein måtte ro eller sigle til fiskeplassane, budde  fiskarane  i små rorbuer så nær felta som råd, dvs. ute på Øyane eller sør om Stadt i Selje eller Vågsøy. Store båtar vart segla rundt Stadt, mindre var dregne over Dragseidet (ibid. 291). Her var i periodar store  silde- og torskefiske i Vanylvsfjorden og i Vanylvsgapet. Fisken vart oftast selt til byborgarar i sjøbuder eller til borgarjekter  eller salta og selt seinare. Frå 1842 kunne også lokale folk kjøpe fisk, sjå under. Det var små endringar i måten fisket vart drive på frå 1600 til 1900. Ein fiska med snøre, line og garn. Nøter er nemnd frå 1780-åra (ibid. 289) og i skifta frå 1727. Fiskevegna var heimelaga. Dei batt nøter og garn, spann hamp og slo hampetaua sjølve (ibid. 290).

Byane – les byborgarar – hadde einerett på handel fram til handelen vart fri i fleire steg frå 1842; 1857,1866 og 1869, (Pryser1999:156). Før dette kunne ingen  handle her i Vanylven utan borgarbrev og då i praksis borgarbrev frå Bergen. Det ser ut til å ha vore meir eller mindre fast handel ei tid på 1600 talet i Flugevågen (Fiskå 1965:304). Frå slutten av 1600-talet og framover til handelen vart fri  også på Haugsholmen (Bjørlykke og Liset1935:537, Fiskå 1965:304), og fast men med avbrot på Åheim frå ca. 1665, (Fiskå 1965:305). Det var i praksis ikkje konkurranse mellom borgarane, slik at bøndene og fiskarane måtte godta dei kunne få for produkta sine og måtte betale det borgarane kravde for sine varer. Bøndene vart ofte bundne til handelsborgarane gjennom kreditt (Dyrvik 1999:120). Bøndene kunne føre eigne varer til Bergen og handle der, noko som var dyrt og tok lang tid. Borgarskapet/byane sitt handelsmonopol var svært hemmande på utviklinga for bygdene. Etter 1842 og 1867 vart det ei enorm endring med handel i alle bygder, jfr. under om rutebåtar.

Det store skifte for Landet og Vanylven kom etter 1814 då med ei mengde nye lover som var til bate for Vanylven: m. a. sal av benefisert gods (St. Jørgen) 1827, jordskiftelover av 1821 og 1857,formannskapslovene for amt (fylke)og herad (kommune) frå 1837, oppheving av handverkslova for bygdene frå 1839, oppheving av konventikkelplakaten 1842, oppheving av handelslover 1842, 1857,1867 og 1869,nye veglover 1824 og 1851, endring av skysslova 1816 og oppheving av henne 1860 og 1869, ny skulelov frå 1860, Sunnheitslova av 1860 og nye fattiglover frå 1845 og 1863.

For Noreg var det viktig å fremje eit fritt næringsliv og knyte landet saman. Det siste med bygging av veg og jernbaner, telegraf og båtruter. For Vanylven galdt det å knyte saman kommuna innad og utad til omverda.

Etter dei 5 krigane på midten og slutten av 1600 talet samt den store Nordiske Krigen 1700-1721, var det fred til 1807 ,med unnatak av Tyttebærkrigen i 1788. Folketalet i Vanylven, som ser ut til å ha stått omtrent på same nivå frå ca. 1600 til ca. 1750 (Fiskå 1965:18), tok til å auke utetter 1700-talet. Dette medførte auka oppdelinga av gardar til fleire bruk og ein fekk også plassebruk i tidlegare utmark. Frå 1700 til 1900 fekk ein ca. hundre nye gardar ved deling av eldre gardar og omtrent 100 plassebruk, ca. 2/3-deler etter 1800. Dette førde til ei omfattande nydyrking, grøfting og inngjerding av innmark. Etter at leseskulen vart innført i 1739 kunne fleire lese (Fiskå 1965:105). Dette gjorde det mulig å spreie opplysning om betre drift av jorda (potetprestar, dyrkingslag). Heradet var svært aktive i dette frå 1837. Det var ein del frivillige jordskifte før jordskiftelova av 1821 då jordskifte tok til for alvor og tok heilt av med jordskiftelovene  av 1857 . Det gamle Vanylven forsvann. Det blei slutt på tusenårig tradisjon med teigeblanding og klyngjetun. Tuna vart flytta ut og husa endra. Dei fleste småhusa forsvann og ein bygde grindløder med steinfjøs under og høy og halm over (Årøy 12/1 kulturminne?). Hus frå før utskiftingane finst nesten ikkje. Dei fleste som er att, er med i kulturminneregistreringane. Vi fekk steingardar langs dei nye grensene som nytt landskapselement.  Enkelttuna, utedoen, betre brønnar, poteta, betre drift i jordbruket/betra kosthald, koppevaksine  saman vedtekter til Helselova av 1863 (Fiskå1965:230) var eit kjempelyft for folkehelsa. Folketalet vaks enormt. Etter jordskifta vart det dyrka mykje ny jord og ein begynte å ta i bruk reiskap av jern, stubbrytar. Kommuna og staten ivra på for meir dyrking. Det var gjeve  litt økonomisk støtte og mykje opplysning. Etter fyrste verdskrig kravde staten tvangsdyrking (Fiskå1965:257). I mellomkrigstida vart det dyrka for tilskotet (Furre 1999:65) også her i Vanylven . Det dyrka arealet vart dobla frå 1918 til 1959 (Fiskå 1965:257). Dyrkajorda er såleis det viktigaste kulturminnet for dei siste 150 åra. Innføring av truske – og dryftemaskiner frå 1850åra frigjorde mykje arbeidskraft frå landbruket.  Hestereiskap av jern ,hesterive og slåmaskin, begynte å   kome i bruk etter 1905. Dette var ein kanskje like stor endring som traktoren etter fråmidt i 1950-åra. Dei nye reiskapa frigjorde arbeidskraft, der nokre vart fiskarar på heiltid, nokre drog til byane til den voksande industrien der (rundt 100 personar 1821-1901)  (Fiskå 1965:24), medan dei fleste, bortimot 400, drog til Amerika frå 1870åra til etter krigen (Ibid. 26) , dei fleste før fyrste verdskrig. Opphevinga av den engelske Navigation Act i 1849 opna opp for norsk skipsfart også mellom tredjeland – og for ungdom frå kysten. Spesielt etter siste krig  vart mange sjøfolk og fiskarar. Etter folketeljinga i 1960 var det 78 fiskarar og 65 sjøfolk.  Aukande industrialisering tok mot deler av overskotet av arbeidskraft på bygdene og opna samtidig for større handel med fisk og jordbruksprodukt til byane og ferdige varer attende, typisk jordbruksreiskap, salt, tjære og vegn, men også korn. Jordbruket var viktigaste næringa fram til 1950 (Fiskå 1965:21). Etter folketeljinga 1960 stod det framleis for halve sysselsettinga då. Sjølv om landbruket framleis var viktigaste næring i Vanylven fram til 1960 var det var få som var bønder på heiltid. Handverk, sesongfiske, salting av fisk, lossing og bygg- og anleggsarbeid var nødvendig som biinntekt.

Opphevinga av handelslovene førde til aukande handel som gav grunnlag for båtruter og omvendt gav båtruter grunnlag for handel. Frå siste halvdel av 1800-talet vart det starta ruter mellom Bergen og Ålesund med enkelte anløp imellom på turen og mellom Ålesund og resten av Sunnmøre (Fiskå 1965:246ff). Økonomien i rutene var i starten elendig med mange nedleggingar og konkursar, men frå rundt 1890 var regulariteten god. Frå fyrst av var det anløp berre på Åheim, m.a. pga. post over til Maurstad. Så kom også Eidså før Slagnes og Fiskå rundt 1895. Heradet bygde vorrar ( kulturminne) der  mindre båtar blei lasta og lossa for rutebåtane som hadde varpa eller låg på reden. Etter kvart kom det også små kaier. Det var små kaihus på Slagnes, Fiskå og Åheim (kulturminne). Når dampen kom, samla folk seg på kaia som vart den nye møteplassen. «Dar kjem dampen ……». Kaia var også fin å danse på, trengde berre eit trekkspel eller ein sveivegrammafon.

Vanylven mangla framleis infrastruktur, fyrst og fremst vegar. Ny veglov frå 1851 førde til mykje vegbygging, men Vanylven var det ikkje samanhengande køyrbar veg for bil før i 1920-åra. Fylket trykte på for å få bygd gjennomgangsvegar: Eidså- Fiskå, Slagnes – Åheim  og Åheim- Maurstad.  Dette m.a. for å sikre postgangen. Vegen over Maurstadeidet skulle også kunne brukast til å ta små båtar til Nordfjord på fiske. Vegbygginga av lokalvegar vart gjort av utskrivne bønder som også hadde vedlikehald. Dei hadde også vedlikehald av gjennomgangsvegar. Vegane vart inndelt i roder der bøndene var fordelt på rodene. Folk hadde problem med å sjå nytten og tvangsutskrivinga var svært upopulær (Fiskå 1965:320ff) Fylket ville helst få arbeidet gjort for pengar, men det ville ikkje bøndene, då det var vanskeleg å skaffe pengar. Pliktarbeidet varde til 1930 -åra.

Dei fyrste «industriverksemdene» var knytte til lokalt råstoff. Ein kjøpte fisk og salta i fleire bygder, Tunheim (kulturminne både hus og sjøbud), Slagnes (kulturminne), Åheim  (byggga vekk)og Fiskå(kaia kulturminne). Det vart brent tran m.a. på Slagnes (kulturminne) og Fiskå. Det vart starta meieri som laga smør i mest alle bygder frå 1890-åra. Bortsett frå Vanylven Ullspinneri vart det ikkje starta industri før etter andre verdskrig då ein fekk elektrisk kraft.

Vanylven fekk ikkje  elektrisk kraft før etter krigen, noko som gjorde at industrireisinga kom seint i gang her. Då ein fekk straum, utløyste det utbygging av mange små bedrifter. Det kom 5-6 trevarefabrikkar, ein paraplyfabrikk, ein skjortefabrikk og ein sementvarefabrikk før 1960. Av dette er det no berre ein trevarefabrikk att. Grunnen kan kanskje vere konkurranse om arbeidskraft då AS Olivin på Åheim starta opp like etter krigen med ca. 25 mann i 1948 (Fiskå 1965:317). Etter folketeljinga i 1960 hadde dei rundt 140 i arbeid.

Utbygginga av verftet på Fiskå frå fyrst i 1970 -åra, Ulstein Vanylven, tok også unna ein god del arbeidskraft.  Rundt år 2000 jobba rundt 120 personar der. Utbygginga av kommuna med administrasjon, tekniske tenester og omsorg, m.a. sjukeheim, eldrebustadar og barnehagar gav mange nye arbeidsplassar, over 300 år 2000.

Dei nye arbeidsplassane, samt landbrukspolitikken, har resultert i at melkeprodukjonen på vanlege gardar er borte – og med den mesteparten av arbeidsplassane i jordbruket. Endringar i arbeidslivet har ført til stor fråflytting av ungdom. Folketalet har minka med ein fjerdedel sidan 2000 ,Åram medrekna.

Litteratur:

Dyrvik, Ståle 1999: Norsk historie 1625- 1814. Det Norske Samlaget.

Ersland , Geir Atle og Sandvik, Hilde 1999: Norsk historie 1300-1625.Det Norske Samlaget

Fiskå,H.M.1957:Bygdebok for Vanylven :Gard og ætt. Rich Andvord,Oslo

Fiskå, H. M. 1965: Bygdebok for Vanylven: Almen bygdesoge. Rich Andvord,Oslo

Pryser, Tore 1999:Norsk historie 1814-1860. Det Norske Samlaget

Tidsskrift for Vanylven Sogelag

Sogelaga i Vanylven