«Kjerringa hass Vik»

«Kjerringa hass Vik» er eit utsiktspunkt med god utsikt til den indre delen av Vanylvsfjorden og bygdene omkring den. Det spesielle namnet ”Kjerringa hass Vik” er knytta til Peter Pederson Vik 1879-1949. Han var fødd på bruk 42/4 Ytre Vik – Korsneset. Foreldra var Serine Rasmusdotter Nordal frå Syvde og faren var Peder Pederson Vik frå Korsneset. Faren døydde når han var 5 år gammal og mora då han var 12 år. Han vart teken hand om av ein familie i Syltefjorden og der vaks han opp. Peter var evnerik og reiste tidleg ut. Han arbeidde innan hotellfaget, vart kelner og i mange år portier ved Kong Harald Hotel i Haugesund. Som hotellmann måtte han vere både høfleg og velkledd, og den stilen fylgde han resten av livet.

Kring 1926-27 kjøpte Peter Vik seg ei kårstove på Myklebust 7/3 og busette seg der. Det var ikkje tilfeldig at han kom til garden til Rasmine og Paul Myklebust, for Rasmine og Peter var søskenbarn. Med sin urbane stil både i åtferd og klebunad skilde han seg mykje frå bygdefolket, og han hadde tid til både å spasere etter vegen – då brukte han spaserstokk – og til å gå til fjels. Han var ein ivrig fjellmann og kanskje var det han som mura opp varden som folkehumoren gav namnet ”Kjerringa hass Vik”, då han elles var ugift.

Etter å ha budd på Nordstranda nokre år flytta han til aldersheimen Skogli på Åheim, men då den vart nedlagd 1943 måtte han flytta til Nordfjordeid og leige seg inn på aldersheimen der. Han døydde der og er gravlagd på Stokkenes gravplass.

Peter Vik må ha lagt seg opp ein del pengar i dei åra han var hotellmann, for i 1939 gav han ei lysekrune i oksydert messing til kyrkja på Slagnes. Det er den lysekruna som no heng nærast galleriet. Det var ei storfelt gåve, og vi veit ikkje kor mykje den kosta, men då Vanylven og Syvde Sparebank gav den andre lysekruna til 100-års jubileet i 1963, kosta den 4000 kr.

Sogelaga i Vanylven