Gamle gardstun

 

Årøytunet:

Tunet på 12/1. Dei prikka områda viser plasseringa av rivne bygningar.

 

I Vanylven er det få komplette gardstun frå før 1850, men eitt som har ein del av husa i behald er  12/1  Årøy på Fiskå.

Årøy er truleg ein av dei eldste gardane på Fiskå.  H. M. Fiskaa meiner at garden kan vere busett i 5-600-åra e. Kr., men den vert ikkje nemnt i historiske kjelder før kring 1600. Opphaveleg var det berre ein gard, men vart alt før 1600 delt i to like store bruk. All innmarka var teigebytt i eldre tid, men etter eit jordskifte i 1826/27 fekk det eine bruket (12/1) marka vest for elva og det andre (12/ 4) aust for elva. På 12/1 finn vi restane av eit typisk klyngetun med mange hus, kvart med sin funksjon, og med ulik alder. Av jordskiftekartet ser vi at det var 9 hus i  det gamle tunet i 1878. Det var eit våningshus og ei kårstove som stod etter kvarandre fremst i tunet, begge med langsida mot sør. Like utanfor dei var det  2 små hus og nord for dei låg ei heller stor løe med eine gavlen mot sør. Attmed nordenden av løa låg det to hus, truleg fjøsar. I dag har det blitt ein del endringar i tunet. Det er kome opp eit nytt bustadhus og ein ny driftsbygning, og den gamle fjøsen og løa er riven, men ein del av dei gamle husa står framleis.

Bustadhuset er påbygt i fleire omgangar, men delar av det kan vere det huset  som er nemnt i dokumenta frå 1878. Det har to separate  kjellarrom med kvar sin inngang, og  tjukke steinveggar  og  jordgolv.  I hovedetasjen er det eit kjøkken i midten med opphaldsrom /soverom i begge  endane.  På loftet er det soverom. Skilnad på takhøgd og golvnivå viser at huset har blitt bygt i fleire omgangar. Nær bustadhuset står det eit stabbur med to rom. Dette er truleg nokså gammalt. Den gamle bordkledninga er festa med trenaglar. Veggane er tømmer. Eldhuset er litt restaurert, men grua er på plass (og i bruk). I eldhuset finn vi og den gamle steiketakka som vart brukt i grua. Geitefjøsen har vore brukt til høns og sau i seinare tid, men huset er lite forandra med steinmurar og hellegolv. Kvernhuset  manglar vassrenna, men steinfundamentet for renna er der. Dessutan er kvernkallen borte. I hagen står det ein liten bygning som vert kalla ”Tårnet”. Det er ei vaktbu frå den tida brukaren av garden dreiv med pelsdyr(rev), og som har blitt flytta ned i tunet. Som nemnt før er fjøsen og løa borte, men plasseringa er vist på biletet over.På biletet under, som er eit utsnitt frå ei teikning av Bjarne Strand frå 1929, er ikkje plasseringa av fjøs og låve heilt nøyaktig, men nokolunde rett.Både dei tidlegare eigarane og den noverande har teke vare på hus og reiskapar slik at det på garden ikkje berre er ei sjeldan samling av gamle hus, men og mange gamle hestereiskapar og gardsting.

Teikning av Bjarne Strand. Gardstunet sett nedover mot bygda.

 

 

Sogelaga i Vanylven