ID:595 Vikevatnet Mur Felles-hytte

TilstandDårlig
SynlegDelvis
Ute av driftJa
KoordinaterUTM33: X: 7558 Y: 6916345
Beskriving«Vikehytta» var bygd i 1927, som eit fellestiltak med finansiering gjennom 20 partar på 20 kr kvar. Hytta vart bygd på dugnad, for fritid og rekreasjon. Den vart mykje nytta både før, under og etter 2. verdskrig av ungdom i Vik/Slagnes, og andre. Hytta stod fint til på eit nes. I ei krå i ei lita vik ved hytta var der eit lite naust, der dei hadde båt. Her var losjesamlingar og diverse andre samlingar, og ein hadde system og reglar for utleige. Det var mange som sette pris på hytta og var glade i den. Etter kvart vart ho mindre brukt, det vart mindre vedlikehald, så hytta vart etter kvart i dårleg stand. Det vart til slutt bestemt at ho skulle rivast, og ho vart brend i 2005. (sjå artikkel i Fotefar 2018)
<< Hovudoversikt
Sogelaga i Vanylven