ID:596 Bjørdalen Murar sel
| Tilstand | Dårlig |
|---|---|
| Synleg | Delvis |
| Ute av drift | Ja |
| Koordinater | UTM33: X: 8031 Y: 6916263 |
| Beskriving | Ved utløpet av Bjørdalsvatnet. Her låg sel og fjøs for Haugen gnr 35 bnr 1 på kvar si side av elva. Begge deler bles ned, truleg i nyttårsorkanen i 1992, og vart ikkje bygd oppatt. Ein ser framleis murane etter selet på eine side av elveosen. Fjøsen på andre side av elva er overgrodd av einer, og ikkje lenger synleg. |