Kulturminne Vanylven i utmark og fjell

Kart over kulturminner i Vanylven. Dei grøne punkta viser kvar du finn dei ulike kulturminna. Klikk på >> for å lese meir om kulturminna. Prosjektet er støtta av sbm_logo.png TEFT-midlar.

Klikk her for nummerisk rekkefølge av kulturminna.

Historisk bruk av utmark og fjell

Feavl har vore viktigaste jordbruksproduksjonen i Vanylven sidan jordbruket blei vanleg for 5000 år sidan. Feavl var meir årvisst, mindre arbeidskrevjande og ikkje så avhengig av ver og klima som korn. Sidan ein måtte begynne å fore dyra inne om vinteren i slutten av yngre bronsealder pga. endring av klimaet, vart forsanking til vinteren eit nytt stor arbeid. Berre kornåkrane og beste slåttemarka vart innegjerda. Resten av garden var utmark, dvs beite, brensel, ved og torv, lauv til for og utslåttar.

Mesteparten av avdråtten av dyra fekk ein frå beitinga. Dyra vart sveltefora gjennom vinteren og sleppte oppom haggarden så snart der var snøberre flekkar med gras og lyng. Om nettene vart i alle fall bufeet samla i vårfjøsar ved haggarden der dei også vart melka kveld og morgon. Også geiter vart melka. Seint på hausten beita dyra innom gjerdet, på hona. Der fekk ein då også samla litt gjødsel som ein brukte på åkrane.

Då den store garddelinga og bureisinga tok til på slutten av 1700-talet, og særskilt frå midten av 1800-talet, miste ein mykje av heimebeita. Då det vart mykje meir folk og dyr, måtte fjella takast meir i bruk som beite. Betre våpen heldt rovdyrplaga, særskilt bjørn, på eit toleleg nivå. Dyra måtte likevel ofte gjetast, oftast av ungdomar. Der var mange stadar vaktarhytter der ungdomar og hundar overnatta for å verne dyra. Når bjørnen kom, skremde dei han med faklar, hyl , skrik og bjeffing. Døme på vaktarhytter er kulturminnepkta 268, 303 og 334 på oversiktskartet under.

Sætring der folk budde på sætra om sommaren, hadde vi ikkje i Vanylven. Ein hadde sel for overnatting og kanskje fjøs, typisk som på Beksle. Folk gjekk opp om kvelden, melka, sov over, melka om morgonen og gjekk ned og arbeidde på garden til kvelden. Det er kjent sætrar frå 1600talet, men mesteparten av sela vart bygd på slutten av 1800-talet til litt etter fyrste verdenskrig. Då dei gjekk over til kulturbeite etter andre verdenskrig, gjekk det fort nedover med beiting av kyr på fjellet. Utslåttane forsvann då slåmaskina kom etter 1900. Fjøsar og til dels sel begynte å forfalle. Utmarka grodde igjen.

Den store folkeveksten førde også til at ein hadde for lite brensel i bygda. Rundt 1900 var firastrengen blitt så billeg at ein kunne ta den i bruk for å hente torv frå fjellet. I enkelte bygder hadde nesten kvart bruk sin firastreng. På grunn av tyngda, vart strengen selt i relativt korte lengder i buntar. Desse bar ein oppi marka, strekte ut strengen og sveiste dei saman der. Smeden bar med seg kol, pust og hammar, kanskje bronselodd til å sveise strengen. Då straumen kom etter krigen, vart det slutt på torvskjering på fjellet.

Sogelaget skal etter vedtektene ta vare på kunnskap om fortida. Bruken av utmarka var ein stor del av folk sitt liv til etter krigen. På årsmøtet i 2019 vart det vedteke at ein skulle sette i gang med å registrere bruken av utmarka, før alle spor rotna opp eller vart nedgrodde. Soknet vart delt inn i roder med rodemenn som skulle registrere. Vi hadde m.a. folkemøte for å motivere, m.a. for m.a. rodemennene på Åheim. Vi innleia samarbeid med AsplanViak om registreringsprogram. Vi registrerte på mobil eller gps med skjermdump. Dei ivrigaste og mest uthaldande registratorane har vore Arild Henden, Gunnar Strand, Audun Kvalsvik, Steinar Slagnes, Marit Margrete Berget og Jermund Rekkedal. Også Ove Sivertstøl, Idar Rusten, Jon Kjøde, Marte Myklebust, Ove Ekremsæter og Arild Skorge har ytt verdifulle bidrag. Vi har ikkje lukkast med å registrere Almklovdalen trass i mange forsøk, og no til sist, mangel på finansiering .

Då årsabonnementet med AsplanViak blei for dyrt, avslutta vi det gode samarbeidet med dei og fekk lagt punkta med kart, bilde og koordinat over på pdf, og inn på heimesida til sogelaget ( sjå under). Der er førebels 291 punkt som gjev eit relativt påliteleg bilde av korleis utmarka vart brukt.

Alle kulturminna:

Sogelaga i Vanylven