Vedtekter
Vanylven Sogelag har til formål å vekkje og nøre opp under interessa for slekt, soge, folkeminne, segner og tradisjonsstoff, og åta vare på dette ved å få det nedskrive. Samle inn og ta vare på dagbøker, brev og anna av historisk verdi. Ta vare på eldre fotografi og opprette biletarkiv. Sogelaget vil vidareføre bygdebokarbeidet, og gje ut tidsskriftet Fotefar, og slik skape tilknytning til heimbygdene.
VEDTEKTER:
- Laget heiter: VANYLVEN SOGELAG.
- Årsmøtet er laget sitt øvste organ, vel styre, og tek avgjerd i alle saker av stor økonomisk eller prinsipiell tyding.
- Alle betalande medlemar har røysterett. Det vert nytta fleirtalsrøysting. I tilfelle likt tal røyster, har leiaren dobbeltrøyst
- Årsmøtet skal hald ast i løpet av 1. kvartal i påfølgande år.
- Vanylven Sogelag skal ha eit styre på 5 medlemar -leiar, nestleiar, sekretær, kasserar og styremedlem.
Det skal veljast 3 varafolk i rekkjefølgje. Styret kan engasjere rekneskapsførar.- Første vara møter på styremøta og har talerett.
- Leiaren har prokura for Vanylven Sogelag.
- Styret skal legge fram sakliste, årsmeldig, revidert rekneskap og førebu andre sake1. r for Årsmøtet.
- Innkalling til Årsmøtet skal gjerast gjennom offentleg kunngjering eller brev, seinast to veker før årsmøtedagen.
- Årsmøtet skal:
- Velje ordstyrar og sekretær.
- Godkjenne sakliste -Årsmelding og Rekneskap.
- Velje leiar, nestleiar, sekretær, kasserar og styremedlem for 2 år om gongen -slik at 2 står på val det eine året og 3 det andre.
- Velje 3 varafolk i rekkjefølge for – 1 år om gongen.
- Velje 2 revisorar – for 1 år i gongen.
- Velje val nemnd for neste årsmøte – 3 medlem ar.
- Velje medlemer til dei faste nemndene, og leiarar for desse. Alle valde for 2 år om gongen.
- Gjere vedtak i vedtektssaker – endringar – og andre saker som er sette opp til Årsmøtet. Vedtektsendring må vedtakast med 2/3 fleirtal. Framlegg til vedtektsendring må vere sendt inn til styret ein månad før Årsmøtet.
- Fastsetje medlemskontingenten.
- Ekstraordinert årsmøte kan tillysast med varsel som for vanleg Årsmøte dersom eit fleirtal av styret finn det naudsynt, eller minst 10 medlemar set fram grunngjeve krav om det.
- Tidsskriftet Fotefar er inkludert i medlemskontingenten.
- Årsmøtet og styret er vedtaksført med dei som møter etter vanleg kunngjering. Det same gjeld for nemndene.
MEDLEMSKAP:
Medlemskapet inkluderer årleg eit eksemplar av tidsskriftet Fotefar. Styret kan utnemne æresmedlemar på livstid. Desse betalar ikkje kontingent – men har same rettar som andre medlemar.
MÅLFORM:
I det skriftlege administrative arbeidet i Sogelaget er målforma NYNORSK.
EIGEDOM:
Bøker og annan eigedom som Sogelaget har, skal lagrast på forsvarleg måte -sikra mot fukt og brann. Pengar skal setjast på bankkonto etterkvart som dei kjem inn.
OPPLØYSING:
Dersom laget skulle bli oppløyst, skal pengar og annan eigedom takast vare på av Vanylven Kommune. Vert eit nytt Sogelag skipa, og går inn i arbeidet til det gamle, skal Vanylven Kommune stille pengane og annan eigedom til rådvelde for dette.
Oppløysing av Sogelaget må – for å vere gyldig – vedtakast med 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemane på 2 etter kvarandre påfølgjande årsmøte – og minst 10% av dei røysteføre medlemane må vere tilstades.