Skriv og meldingar

Årsmøte 2023

Torsdag 25. april på Fiskå Ungdomshus klokka 19.00.

 

Sak  1   Godkjenning av innkallinga.

Sak  2   Godkjenning av saklista.

Sak  3   Val av møteleiar.

Sak  4   Val av møtebokskrivar.

Sak  5   Til å skrive under møteboka.

Sak  6   Godkjenning av årsmeldingar. (Ligg ved).

Årsmelding frå styret.

Årsmelding frå redaksjonsnemnda.

 Årsmelding for registreringar i utmark og fjell.

 Årsmelding frå Fotefar.

 Årsmelding frå fotoregistreringsnemnda

Årsmelding arkivnemnda

Sak  7   Godkjenning av rekneskapet.

Sak  8   Val

Forslag frå valnemnda.

Sak  9   Kulturelt innslag:

Kulturminne i fjell og utmark.

 

 

 

Når det gjeld arbeidet i nemndene viser vi til eigne årsmeldingar frå dei.

 

Vedlegg:

 

 

Årsmelding 2023

for

Vanylven Sogelag.

 

Vanylven sogelag har fylgjande føremål:

Sogelaget har til føremål å vekkje og nøre opp under interessa for slekt, soge, folkeminne, segner og tradisjonsstoff, og ta vare på dette ved å få det nedskrive. Det skal og samle inn og ta vare på dagbøker, brev, bilete og anna av historisk verdi. Sogelaget vil vidareføre bygdebokarbeidet, og gje ut tidsskriftet Fotefar.

Sogelaget hadde 193 medlemmar i 2023, av dei er det 3 æresmedlemmar.

 

Laget er organisert  med eit hovudstyre og fylgjande nemnder:

Tidsskriftnemnda

Fotoregistreringsnemnda

Arkivnemnda

Valnemnda

Redaksjonsnemnd

 

I  2023 har styret hatt fylgjande samansetjing:

Leiar:                 Gunnar P. Strand

Nestleiar:         Audun Kvalsvik

Sekretær:         Arild Henden

Kasserar:          Kåre Vidnes

Styremedlem: Bjarne Sætrenes

Vara til styret og valnemnd:

  1. Helge Norhagen
  2. Ove Bøstrand
  3. Eli Fiskaa

 

 

 

Tidsskriftnemnda har hatt fylgjande samansetjing:

Ole Magne Kvalsvik – leiar

Knut Øverberg

Helge Norhagen                                                                                                                                      Heidi Endal                                                                                                                                             Guri  D.  Brekke                                                                                                                                         Åse Myrvoll

I tillegg har Olav Opsal og Asbjørn Lade  frå Syvde sogelag, og Inge Kløvning frå Åram vore med i nemnda.

Fotoregistreringsnemnda har hatt fylgjande samansetjing:

Ståle Thunem – leiar

Marit Margrete Berget

Laila Haugen

Kjell Berge

Idar Rusten

Roger  Haugen

Anlaug Stokseth  –  Åram

Kirsti Hoel  –  Syvde

 

Arkivnemnda har hatt denne samansetjinga:

Laila Haugen – leiar

Marit Margrete Berget

Helge Norhagen

Ove Bøstrand

Gunnar P Strand

Kirsti Hoel

 

Redaksjonsnemnd:

Gunnar P. Strand

Audun Kvalsvik

Ståle Thunem

Helge Takseth

Laila Haugen

Arild Henden

 

Revisorar  dette året har vore Idar Rusten og Elsa Åland.

 

 

Styret har hatt 6 vanlege møte  dette året. I tillegg har vi hatt eitt  ”pakkemøte” for Fotefar, sju møte i redaksjonsnemnda, og Gunnar P. Strand og Arild Henden hatt 3 møte med Magne Grimstad (Osberget) om ættebokarbeidet.

Mykje av arbeidet dette året har dreia seg om digitaliseringa av  ætteboka og korleis dette skulle gjerast. Dette er eit ”nybrotsarbeid” både for sogelaget og Osberget. Etter kvart som vi fekk delar av databasen til å fungere – etter mykje samarbeid mellom Osberget og sogelaget -, har arbeidet med å samle inn data vore hovudoppgåva. Vi har hatt fleire annonsar og artiklar i Synste Møre for å gjere arbeidet vårt kjent og få folk til å sende inn opplysningar og oppdateringar. Det har vore skuffande lite respons på desse utspela våre, så dei fleste opplysningane har kome inn etter personleg kontakt. Vi  har og besøksdagar kvar måndag på Lator der folk kan kome å snakke med oss. Dei siste månadane i 2023 opna vi opp databasen for fri bruk,  men frå 01.01.24 må dei som vil bruke databasen abonnere på den. Vi har starta forsiktig med ein pris på 100 kr for året for å kunne nytte den. Det har vore litt problem med å få abonnementordninga til å verke godt no i starten, men vi  håpar at det  har retta seg no. I starten hadde vi høve til å søke på personar, gardar og bruk/eigedomar, men vi fann det litt vanskeleg når vi skulle fortelje om utviklinga i bygdene – særleg i sentrumsområda – og vi har derfor fått lagt til høvet til å søkje på bygdelaga.

For å reklamere for ætteboka på nett har vi  vore til stades på St. Jetmunddagane og Julemarked på Åheim, Julemarkedet på Fiskå og på årsmøtet til pensjonistlaget og  demonstrert og orientert om databasen.

Etter at vi ei tid har hatt kontor og møtestad i Sylte bygdehus har vi no fått leigekontrakt på eit kontor i Latorbygget ved  sidan av det lagerromet vi har leigt i mange år. Dette kontoret er det vi brukar til «måndagsmøta» våre.

 

 

 

Årsmelding 2023

 frå

Redaksjonsnemnda:

 

Desse er med i gruppa:  Laila Haugen, Gunnar P. Strand, Ståle Thunem, Helge Takseth, Audun Kvalsvik og Arild Henden.

Arbeidet dette året har vore retting av feil i databasen, og samle inn og legge  inn nye opplysningar i databasen. Under arbeidet dukka det opp ein del dobbelføringar av namn og data. Noko kunne vere innleggingsfeil, men mesteparten var systemfeil, dvs. databasen hadde rota det til.  Etter ein   del kav vart feilen retta slik at vi kunne konsentrere oss om å  rette opp feil frå bygdebøkene og legge inn dei nye opplysningane vi fekk inn.

For å få inn opplysningar sende vi i februar ut  ca. 1250 SMS-ar til dei personane vi fann telefonnummera til, og ca 150 brev  til dei vi mangla telefonnummer på. Før påske gjekk vi ut i  postkassene i området som ætteboka dekte med ei  ny påminning om å sende inn opplysningar. Det kom inn ein del svar, men vi  hadde håpa på fleire.Vi hadde eit håp  om at folk ville vere interesserte i å få oppdatert dei opplysningane vi  hadde, og kome med nye opplysningar. Trass i at sogelaget var aktiv i Synste Møre med artiklar og annonser var  det heller lite opplysningar vi fekk inn på den måten. Det meste har vi fått inn gjennom personleg kontakt enten direkte eller gjennom telefon og data. Trass i at dette  er tungvint har vi i ein del område no fått inn opplysningar om 80% av folka på eigedomane.

Vi har til no satsa på å få inn mest muleg personopplysningar slik at det står att ein god del bilete og opplysningar om bygdelaga, gardane og bruka.

 

Årsmelding 2023

Registristreringar i utmark og fjell.

Totalt har ein no ca 270 registrerte punkt. Dekninga er:

  1. Hovdasida, dvs Krokvik- Eide nesten 100% av aktuelle pkt.
  2. Tunheim gnr 16-18 Berre 2 pkt.
  3. Stranda- Skjervheim, berre 2-3 pkt.
  4. Vidnes – Skalde , ca 45 pkt.
  5. Skalde – Løvoll, 3-4 pkt.
  6. Løvoll –Gusdal , nord for elva, ingen
  7. Eikremseter 2 pkt.
  8. Gusdal – Almklov, ingen
  9. Sætrenes, Sunndal – Gamlesætra, full dekning

Beksle-Maurstadeidet, Skorge, bortimot full dekning.

I tida i og etter Corona har det omtrent ikkje vore registrert nye pkt. og det synst eg er leitt. Minna grør ned og forfell fort no. Folk med minne om namn og bruken av minna forsvinn også.

Eg synst dette er spesielt synd for Åheimsdalen avdi husdyrbruken må ha vore ein viktigare del av næringsgrunnlaget der enn for dei som kunne drive «kokefiske» i fjorden i tillegg.

Eg trur Corona må få noko av skulda for dette. Det var då vanskeleg å samle og motivere folk. Seinare har digitalisering og ajourføring av Ættesoga teke mest all tid.

Registreringsmåten på mobil er no svært enkel i høve til då vi starta. Mange mulige pkt. er no nesten nåande med bil og ein kort fottur. Dessutan skal det vere sunt å gå.

Gunnar Strand

 

Årsmelding skriftnemnda Fotefar 2023

 

Medlemar: Ole Magne Kvalsvik, red., Olav Opsal, Helge Norhagen,
Asbjørn Lade, Guri Dragseth Brekke, Aase Myrvoll, Inge Kløvning,
Knut Øvreberg, Heidi Endal.
I år vart det stort sett eit oppstartmøte i august, og seinare jobba vidare ut frå det.
Det vart mykje jobb på underteikna med å skrive av og legge til rette teksten frå
Ivar Frihagen si dagbok, der også Guri og Heidi hjelpte med avskrift og Vidar Parr
laga innleiinga. Også Helge Norhagen sine opplysningar om kraftverk kravde ein
del arbeid arbeid med avskrift, der Guri hjelpte litt til, med tilrettelegging,
bildeillustrasjonar og tilleggsfakta.
Dei andre stykka i heftet, frå Asbjørn Lade/ Aage Sørdal, Else-Mari Humberset,
Sylvi Leander, Ove Bøstrand, Svein Vidnes, Magne Vik Arset og Oddrun Fjørstad
Eikrem kom for så vidt meir eller mindre ferdige, men det tar litt tid før alt kjem
inn og er ein grann arbeid med tilrettelegging også av dei, så med leiar sin for tida
avgrensa kapasitet og frå før ikkje så gode arbeidsrutinar, så vert det litt tidsnaud
og ein del stress på slutten og ein god del småting som eg ikkje får gjort som eg
gjerne vil kvart år.
Eg synst likevel det vart eit godt hefte, med god spreiing og vonleg ein del
interessant for dei fleste. Ei takk også til Kjell Brenne, som stod bak å få fram
Frihagen si dagbok med det særs interessante og historisk gode innhaldet her.
For komande år har vi no også liggande eit par tekstar som ikkje vart med i 2023,
og det er også eit par prosjekt som er starta på. Det er alltid kjekt å ha eitkvart å
starte med til hausten, og vi har dessutan nokre idear som vi vil prøve å ta fatt i,
sjølv om vi saknar kanskje personar som kan lage stoff på avismåten, gjennom
intervju med kjelder og innhenting av stoff på anna vis.
Så er det i år også jubileum for sjølve heftet, som fyller 40 år. Og vi må i alle fall
prøve å få til eit lite attersyn.
Takk til engasjerte medlemer i nemnda for positivt samarbeid og så reknar eg
med vi er klare til ny frisk etter sommaren.

For skriftnemnda 2023:
Ole Magn

 

Årsmelding 

Fotoregistreringsnemnda

 

Fotoregistreringsnemnda har hatt fylgjande samansetjing:

Leiar:                 Ståle Thunem

Medlem            Kjell Berge

Medlem:          Laila Haugen

Medlem:          Marit  M. Berget

Medlem:          Roger Haugen

Medlem:          Idar Rusten

Medlem:          Anlaug Stokset            –  frå Åram

Medlem:          Kirsti Hoel                     –  frå Syvde

 

Det har vore liten aktivitet i nemnda dette året. Det er fleire årsaker til det. Leiar har vore litt oppteken i redaksjonsnemnda for den nye ætteboka . Elles har det  vore tungvint å bruke romma på gamleskulen på Sylte.

No har vi fått eit veldig bra rom i Latorbygget på Fiskå. På det nye «kontoret» (arbeidsrommet) har vi god plass til å jobbbe med foto. Vi har 2 gode datamaskiner, ein bærbar pc og ein «ny» stasjonær pc . Vi har kopla opp og klargjort scanner, installert fotoprogram, microsoft 365 (word, excel mm).  Vi kan bruke internett til å kople opp våre eigne datamaskiner.

Det første fotonemnda må ta tak i er å skaffe nye bilete (oversiktsfoto) av gardane, bygdene og husa i Vanylven. Vi håper at dei som har droner kan hjelpe oss med det. Bileta skal leggast inni databasen til ættesoga saman med eldre flyfoto som sogelaget har fått fotografert av.

Eit viktig arbeid for nemnda er å registrere opplysningar på fotosamlingane som vi har fått avfotografert og lagt ut på FylkesFOTOarkivet.

 

Ståle Thunem

leiar

 

Årsmelding for arkivnemnda 2023

 

Ættebokarbeid har tatt all tid.

Hadde 3 arbeidsøkte på bygdahuset i Syltefjorden.

Der Kirsti Hoel, Gunnar Strand, Arild Henden, Marit Margrete Berget  og Helge Nordhagen gjorde en innsats med å sortere også ta ut stifter.

Vi har flytta på tinga vi skal arkivere frå Sylte til Latorbygget.

Sogelaget sine ting som var låst inn på arkivet til kommuna er sett på gangen!

Vi har ein del arbeid med arkivere det vi har ståande på Lator og i kommungangen.

Men det viktigaste av alt- Vi treng folk i den nemnda, noken som veit ka som er verdt å ta vare på.

I nemnda er vel berre eg, Helge og Gunnar Strand.

 

Laila Haugen

 

 

 

Rekneskap 2023

 

       2023         2022
Resultat pr. dato – 91 660,45 – 24 115,59

 

INNTEKTER        2023        2022
Medlemspengar  34 639,00  36 516,00
Fotefar – salg  25 065,39  23 561,25
Salg bilete            0,00            0,00
Nye Ættesogene     2 456,23   13 761,82
«Kulturarv»  (Tilskot)   16 591,00        200,00
Støtteannonser  «Fotefar»     4 500,00     6 000,00
Div. innt./Storegjerdeboka   18 310,00   70 971,75
Syvde-kontingent     3 839,50
SUM 105 401,12 151 010,82

 

UTGIFTER      2023       2022
Porto/gebyr/div.   52 076,82 164 784,41
Forsikring     5 159,00     4 365,00
Annonseutlegg     1 091,00     2 477,00
Husleiger   10 500,00     3 500,00
Trykking «Fotefar»   94 765,00             0,00
IKT   33 469,75
SUM 187 061,57  175 126,41

 

   2023    2022
Overskot/Underskot – 91 660,45  – 24 115,59

 

Disponible middlar   24.01.2024        2022
Kassabeholdning            0,00             0,00
Bank: 3972.20.19869   61 494,83  153 463,28
Bank: 3972.15.81091   32 000,00    31 692,20
Totalt   93 495,03  185 155,48

 

Sylte 24.01.2024        Kåre Vidnes (kasserar) -sign.

Revidert 26.02.2024  «Alt stemmer»    Elsa Aaland (sign),  Idar Rusten (sign).

 

 

Forslag frå valnemnda:

Styret:                             Vald for to år

Leiar:                  Gunnar P. Strand                        Ikkje på val

Nestleiar:          Audun Kvalsvik                            Attval

Sekretær:          Arild Henden                                Ikkje på val

Kasserar           Kåre Vidnes                                   Attval

Styremedlem   Bjarne Sætrenes                            Ikkje på val

Varafolk og valnemnd:            På  val  kvart år

Helge Norhagen                                                      Attval

Ove Bøstrand                                                           Attval

Eli Fiskaa                                                                   Attval

Tidsskriftnemnda:      Vald for to år

Leiar:                  Ole  Magne Kvalsvik                     Attval

Medlem:            Knut Øverberg                              Ikkje på val

Medlem:            Helge Norhagen                          Attval

Medlem:            Heidi Endal                                   Attval

Medlem:            Guri Dragset Brekke                     Ikkje på val

Medlem:            Åse Myrvoll                                   Ikkje på val

Fotoregistreringsnemnd: Vald for to år

Leiar:                  Ståle Thunem                              Ikkje på val

Medlem:            Laila Haugen                                Attval

Medlem:            Marit  M. Berget                           Ikkje på val

Medlem:            Kjell Berge                                    Attval

Medlem:            Roger Haugen                              Ikkje på val

Medlem:            Idar Rusten                                   Ikkje på val

Medlem:            Anlaug Stokset  –  frå Åram

Medlem:            Kirsti Hoel  –  frå Syvde’

Arkivnemnd:                 Vald for to år

Leiar:                  Laila Haugen                                Attval

Medlem:            Marit Margrete Berget                Attval

Medlem:            Helge Norhagen                          Attval

Medlem:            Ove Bøstrand                               Ikkje på val

Medlem:            Gunnar P. Strand                          Ikkje på val

Medlem:            Kirsti Hoel                                     Ikkje på val

Revisorar:                      Vald for eitt år

Elsa Aaland                                                               Attval

Idar Rusten                                                               Attval

 

 

 

Refferat frå årsmøtet 25.04.23 

 

Det møtte 10 medlemmar.

Sak 1        Godkjenning av innkallinga.

Godkjend.

Sak 2        Godkjenning av saklista.

Godkjend.

Sak 3        Val av møteleiar.

Gunnar Strand.

Sak 4        Val av møtebokskrivar.

Arild Henden.

Sak 5        Til å skrive under på møteboka.

Marit Margrete Berget og Svein Bøstrand.

Sak 6       Godkjenning av årsmeldingane:

Årsmelding frå styret.

Godkjend.

Årsmelding frå redaksjonsnemnda.

 Godkjend.

 Årsmelding frå registreringar i fjell og utmark.

Godkjend.

Årsmelding frå tidsskriftnemnda.

Godkjend med merknad: Svein Bøstrand ynskte ein biografi om forfatterane til stykka i                                                                          Fotefar.

Årsmelding frå fotoregistreringsnemnda.

Godkjend.

Årsmelding frå arkivnemnda.

Godkjend.

Sak 7       Godkjenning av rekneskapet.

Godkjend.

Sak 8       Forslag frå  valnemnda.

Godkjend.

Sak 9       Kulturelt innslag.

Arild orienterte om ættesoga med særleg vekt på Bygdelag-delen.

Gunnar viste og orienterte om Kulturminne i fjell og utmark.

 

Svein Bøstrand (sign.)                                                  Marit Margrete Berget (sign)

Sogelaga i Vanylven