Dete bildet er frå Storegjerdesamlinga i Fylkesfotoarkivet (FAKf-100100.114248).
Stolkjerrene og hestane står nedom hovedvegen mot fjøra ved kyrkja i Syvde sentrum. I venstre bildekant ser vi det felles notanaustet til Vik-gardane.
Syvde sogelag
Velkommen til Syvde sogelag sine sider!
Syvde sogelag har til formål å vekkje og nøre sansen for slekt, segn og soge, oldsaker, gamle hus m.m., og få folk til å ta vare på alle minne om fortid og forfedrar.
——————–
I 1974 gav Syvde Sogelag ut «Bygdebok for Syvde sokn» skriven av Haakon M. Fiskaa.
For norske brukarar er boka fritt tilgjengeleg i Nasjonalbiblioteket for privat bruk på lenkja
https://www.nb.no/items/b7e2eafd4c8de52b47ac407cafd57d2c?page=5&subSite=
Ny bok er i emning …
——————–
Om du er interessert i lokalhistorie og/eller lokalhistoriearbeid, og du ikkje alt er medlem av sogelaget, så kontakt leiaren på e-postadressa nedanfor og meld deg inn i laget!
JN