Historie, artiklar
Litt om Daniel Lade og altertavlebildet i Syvde kyrkje
I 1910 fekk hovuddelen av altertavla i Syvde eit nytt maleri. Det er signert «09 D.M. Lade», og kunstnaren var Daniel Martinusson Lade frå Saurdalen i Syvde.
Denne artikkelen var skriven i 2010 , og er ei omarbeiding av ein artikkel som var laga til tidsskriftet «Fotefar».
JN
Husmannsplassar nord for Vike-elva i Syvde
Jordbruk og matproduksjon stod sentralt i bygdene våre gjennom mange år, men ikkje alle hadde same tilgang til å nytte jordbrukseigedomar. Svært mange av gardbrukarane på 1800-talet eigde ikkje jorda dei brukte. Dei var leiglendingar eller bygselmenn, og også i våre bygder var nokre husmenn, som fekk leigekontrakter eller «plassesedlar» på mindre delar av gardsbruk. Gardsbruka var på 1700- og 1800-talet delte i mange mindre teigar, og ein plassemann kunne få bruke ein eller fleire teigar etter avtale. Oftast betalte dei fyrst ein eingangssum, og så ei mindre årleg avgift til eigaren av jorda.
I 2019 skreiv Jostein Nordvik ein artikkel om tre slike «plassar» som låg på nordsida av Vike-elva, eller Storelva, som vi også kalla henne. Artikkelen vart publisert i tidsskriftet Fotefar i 2021.
I ettertid kom ein over fleire kjelder med opplysningar om desse bruka, så i 2023 vart artikkelen noko omarbeidd, og han er her tilgjengeleg i PDF-format, som kan lesast på skjerm eller skrivast ut.
JN
Kyrkjebygningane i Syvde
I 2010/2011 laga Elin og Jostein Nordvik ein foldar om Syvde kyrkje. Materialet som vart samla til dette arbeidet, vart seinare utvida til ein litt større artikkel om kyrkjebygga i Syvde frå Olavskyrkja til dagens kyrkjebygg i Vik. Artikkelen er tilgjengeleg her i PDF-format.
JN
There ain’t no Cure … eller?
Jostein Nordvik har skrive eit lite stykke om utvandring og heimlengt, opphavleg skrive på engelsk, om og for Amerika-utvandrarar frå Vik i Syvde.
Stykket er her i PDF-format.
Klikk og les.
JN
«Deplen» og «Kristi-Olga-huset» i Syvde
Dette er eit lite stykke om m.a. eit hus og nokre personar som hadde eit forhold til huset, som i dag står i sentrum i Syvde. Huset har stått i Syvde i over 100 år, med ein avstikkar til Urke.
Klikk og les!
JN
Bryllaupssamling på Ystebakkane i Syvde 1912
I «Syvdesamlinga» etter Fotograf Storegjerde, ligg det eit foto ( FAKf-0009.00170 ) frå eit ekte jonsokbryllaup i Syvde i 1912. Jostein Nordvik laga i 2016 eit såkalla namnekart med nummerering av personane, og ei namneliste og ein omtale av dei personane vi meiner å vite noko om, men ikkje alle er kjende, og tilleggsopplysningar og rettingar kan sendast til Jostein Nordvik, jostno@gmail.com .
JN