Om oss

Syvde sogelag vart stifta i 1965.
Siste åra har laget hatt ca. 100 betalande medlemar.
Laget har delteke på kurs og møte med dei andre sogelaga i kommunen om bygdebøker, heimeside og fotoarkiv, og m.a. kome med innspel til kulturminneplanen for Vanylven kommune.

Svært mykje av Syvde sogelag sine samlingar er i Kristitunet, som her er fotografert med fjellet Blåfelden i bakgrunnen. Det kvite huset slik det står her, var bygt i 1929 på utvida murar etter eit litt mindre våningshus frå 1902, og var våningshuset på gardsnummer 88 bruksnummer 15 Kristigarden i Vik i Syvde så lenge garden var i drift.
Bildet er teke ved innkøyringa til huset, om lag der fjøs, løde og vedahus m.m.stod. I tunet stod det også ei gammal røykstove, som orkanen Dagmar raserte, og restar av veggane i gamlestova er bygt inn i det nye huset til høgre, som står på dei gamle stovemurane. I dag er desse husa med tomt (Kristitunet) utskilde frå bruksnummer 15 med eit nytt bruksnummer under gardsnummer 88.

Kristitunet sett frå hovedvegen gjennom Vik i Syvde.

Litt om namnet Kristi-garden:

Gardsbruket har vore kalla Kristi-garden i manns minne, utan at vi eigentleg har tenkt så mykje over kva namnet kjem av.

Mot slutten av 1700-talet var det Rønnebergfolket på Larsnes som var eigarar av dette gardsbruket. I 1788 bygsla Chr. Rønneberg bruket til Paul Paulsson frå Saurdal bnr. 2, og same året gifte Paul seg med ei jente frå Torset bnr. 1 på Skredestranda, Kristi Olsd. Torset. Kyrkjebøkene viser at prestane på den tida og seinare skreiv namnet hennar som «Christi», og Paul vart her skrive som «Povel». Paret busette seg då i Vik i Syvde, og fekk to gutar, Ole f. 1789 og Paul f. 1793.

Magne P. Nordal har notert at eldre bygdefolk for om lag 50 år sidan fortalde at Kristi dreiv med heimebrenning og selde brennevin på bruket i Vik, og det kan kanskje vere grunnen til at hennar namn vart festa til til gardsbruket. På slutten av 1700-talet var heimebrenning støtta av styresmaktene for å styrke landbruket, og i 1816 vart det lovfesta at eigarar og brukarar av matrikulerte eigedomar hadde rett til heimebrenning.

Uansett korleis dette vart slik, vart dette gardsbruket frå Kristi og Paul si tid – og til denne dag – kalla Kristigarden.

Kristi døde i 1827, og Paul gifte seg i 1831 med Sylvia Guttormsd. Opsal. Paul døde i 1846, og bruket gjekk med tida over til andre brukarar og eigarar. Likevel har Kristi-namnet for alltid vorte festa til gardsbruket  og til bygningane som står i tunet i dag.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kristigardstunet for 100 år sidan, med naustrekkja til Vik-gardane mellom tunet og sjøen. Utsnitt av Storegjerde-foto, FAKf-100100.278207 i Fylkesfotoarkivet for Møre og Romsdal.

JN

Sogelaga i Vanylven