Historie, foto
Olaf Storegjerde og «Syvdesamlinga»
Olaf K. Storegjerde var fotograf i Sande, og fotograferte også mykje i Vanylven, Syvde og på Rovdestranda frå tidleg 1900-tal og til han døde i 1958.
Etter at Storegjerde døde, fekk dåverande Syvde kommune hand om nokre av negativplatene til Storegjerde, og med tida fekk Syvde sogelag overta desse negativa. I 1997 vart dei digitaliserte av Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal, men bilda vart ikkje gjort tilgjengelege for publikum før i 2021. Dei originale negativa er no plasserte i klimaregulert fotomagasin i Fylkesfotoarkivet.Kopiane av desse negativplatene er merka som «Syvdesamlinga», som også inneheld ein del bilde frå Vanylven, Rovde og Sande i tillegg til bilde frå Syvde. Det er ca. 380 negativ, men ved publiseringa av kopiane i 2021 vart det i nokre tilfelle sett saman kopiar av fleire negativ på ei avfotografering, så ved søk i arkivet står det at samlinga har 374 bilde.
Vil du sjå desse kopiane kan du klikke deg inn på lenkja nedanfor:
Syvde sogelag si samling av negativplater etter fotograf Storegjerde
JN
Vanylvsbilde i Storegjerdesamlinga
Ein god del av Storegjerde sine bilde er tekne i det området som i dag utgjer Vanylven kommune, og ved registreringa er mange av dei merka som heimehøyrande i Vanylven kommune. Merkinga er ikkje fullstendig, og ikkje alltid korrekt, men ca. 1650 bilde er tilgjengelege for gjennomsyn om du klikkar på lenkja nedanfor.
Storegjerdebilde frå Vanylven kommune m.m.
JN
Sverre A. Brudevoll
Sverre Brudevoll var fødd på garden Brudevoll i Syvde i 1917. I 1939 gikk han i lære hos fotograf Martin Ringstad i Stranda kommune.
Sverre kom på mange måtar til å ta opp fotografarven etter Olaf Storegjerde i våre bygder, og vi veit f.eks. at Storegjerde fotograferte konfirmantkullet i Syvde i 1941, og Sverre Brudevoll fotograferte konfirmantkullet i Syvde i 1942. Seinare fotograferte Sverre alle konfirmantkulla i Syvde fram til 1993.
Sverre Brudevoll døde i 1999, og negativsamlinga til Sverre vart overlaten til Fylkesfotoarkivet. Materialet etter Sverre går langt inn i vår eiga tid, og med den nye personvernlovgivinga vil det vere eit omfattande arbeid å ivareta alle juridiske rettar med omsyn både til fotograf og dei som er fotograferte. I dag er berre ein liten del (1.429 foto) tilgjengelege for pulikumssøk i arkivet.
Tilgjengelege Brudevollbilde august 2022.
JN
Flyfoto Vanylven: Widerøe 1950-åra
Klikk for å sjå bilda frå ca. 1953-55!