Arnold Nordal: Syvdemålet

Klikk på bildet over for å lese eller laste ned manuskriptet!

ORD OG VENDINGAR FRÅ SYVDEMÅLET

Arnold Nordal (1909-2002) gjorde på første halvdel av 1990-talet eit stort og omfattande arbeid med systematisering av ord og uttrykk frå språket i Syvde i eldre tider. Dette resulterte i eit manuskript på nesten 350 maskinskrivne sider. Det var Nordal sitt ønskje at dette skulle nå ut til folket, og utdrag frå dette manuskriptet har vore publisert i ei språkspalte i Synste Møre heilt fram til dags dato. Manuskriptet finst også på biblioteket i Syvde og på Aasentunet i Hovdebygda, Men no kan heile manuskriptet også lastast ned som ei .pdf-fil her på sogelaget sine sider. Bjørnar Osnes har scanna materialet og gjort det søkbart, og Syvde sogelag har fått løyve frå borna til Arnold Nordal å legge dette ut til gratis nedlasting.

Arnold Nordal vart fødd i 1909 på garden Støylen i Nordalen. Han var mesteparten av si yrkeskarriere professor i farmakognosi (læra om medisinplanter og naturstoff) ved Universitetet i Oslo. Han var ein ettertrakta foredragshaldar i inn- og utland og ein svært populær forelesar. Han vart i 1979 utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Ved sida av ei omfattande vitskapleg publisering var Nordal svært kunnskapsrik og interessert i språk og lokalhistorie. Dette resulterte, i tillegg til dette manuskriptet, også i den lokalhistoriske boka «Jofolket». Ei gardshistorie frå Nordalen.

Bjørnar Osnes

JN

Sogelaga i Vanylven