Historie, foto
______________________________________________
Gregers Winther Wulfsberg og Syvde kyrkje.
I 1907 vart Syvde kyrkje endra og fekk plass til fleire personar ved å forlenge kyrkjeromet og utvide våpenhus og tårnfot. Kyrkjebygningen fekk ny fasade med to sidedører og ei større hoveddør og nytt tårn, og det vart 5 vindauge på langsidene av kyrkja. Soknepresten i Vanylven prestegjeld på denne tida var Gregers Winther Wulfsberg, som kom til Vanylven i 1905 og vart her til 1910, då han vart tilsett i Ørskog og flytta dit med familien sin.
Fotograf Storegjerde laga då eit samansett bilde, limt opp på ein for-trykt kartong med grønt mønster, og med plass for tre fotografi. Sokneprest Wulfsberg øvst, til venstre eit bilde av kyrkja utvendig, og til høgre eit innvendig bilde av den nyombygde kyrkja. Dette er truleg det fyrste interiørfotografiet av Syvde kyrkje på 1900-talet. Det var ikkje tilgjengeleg elekrisk oppvarming eller lys, og til venstre for midtgangen ser vi den høge gamle firkanta støypejernomnen, med jarnrør opp gjennom taket, som gjorde teneste i kyrkja iallfall fram mot 1915.
Daniel Lade sitt Kristusbilde er på plass i altertavla, men helgenfigurane som i dag heng på veggen ved alteret, er då ikkje tekne inn i kyrkja, og i staden er det hengt opp to svarte salmenummertavler på denne veggen. I framkant av preikestolen sin lesepult, heng ein gullbrodert tekst på riksmål: «Sandheden skal frigjøre Eder», og i taket over koret heng talglyskrona som Halstein Brekke og Knut Skaugset hadde laga. Seinare kom det messinglysekroner der og elles i kyrkja.
Vi veit at Storegjerde seinare laga nokre fleire bilde av denne typen frå m.a. Sande og Rovde, men så langt har det ikkje lukkast å finne fleire slike bilde frå Vanylven.
I Storegjerdesamlinga finst det 3 bilde av same slaget, som er skanna i svart/kvitt. Dei var nok laga då Ivar M. Aarseth slutta som prest i Sande i 1913.
Her er link til eitt av dei: https://fylkesfotoarkivet.mrfylke.no/foto/preview.php?id=FAKf-100100.277809
JN
______________________________________________
Olaf Storegjerde og «Syvdesamlinga»
Olaf K. Storegjerde var fotograf i Sande, og fotograferte også mykje i Vanylven, Syvde og på Rovdestranda frå tidleg 1900-tal og til han døde i 1958.
Etter at Storegjerde døde, fekk dåverande Syvde kommune hand om nokre av negativplatene til Storegjerde, og med tida fekk Syvde sogelag overta desse negativa. I 1997 vart dei digitaliserte av Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal, men bilda vart ikkje gjort tilgjengelege for publikum før i 2021. Dei originale negativa er no plasserte i klimaregulert fotomagasin i Fylkesfotoarkivet.Kopiane av desse negativplatene er merka som «Syvdesamlinga», som også inneheld ein del bilde frå Vanylven, Rovde og Sande i tillegg til bilde frå Syvde. Det er ca. 380 negativ, men ved publiseringa av kopiane i 2021 vart det i nokre tilfelle sett saman kopiar av fleire negativ på ei avfotografering, så ved søk i arkivet står det at samlinga har 374 bilde.
Vil du sjå desse kopiane kan du klikke deg inn på lenkja nedanfor:
Syvde sogelag si samling av negativplater etter fotograf Storegjerde
JN
______________________________________________
Vanylvsbilde i Storegjerdesamlinga
Ein god del av Storegjerde sine bilde er tekne i det området som i dag utgjer Vanylven kommune, og ved registreringa er mange av dei merka som heimehøyrande i Vanylven kommune. Merkinga er ikkje fullstendig, og ikkje alltid korrekt, men ca. 1650 bilde er tilgjengelege for gjennomsyn om du klikkar på lenkja nedanfor.
Storegjerdebilde frå Vanylven kommune m.m.
JN
______________________________________________
Sverre A. Brudevoll
Sverre Brudevoll var fødd på garden Brudevoll i Syvde i 1917. I 1939 gikk han i lære hos fotograf Martin Ringstad i Stranda kommune.
Sverre kom på mange måtar til å ta opp fotografarven etter Olaf Storegjerde i våre bygder, og vi veit f.eks. at Storegjerde fotograferte konfirmantkullet i Syvde i 1941, og Sverre Brudevoll fotograferte konfirmantkullet i Syvde i 1942. Seinare fotograferte Sverre alle konfirmantkulla i Syvde fram til 1993.
Sverre Brudevoll døde i 1999, og negativsamlinga til Sverre vart overlaten til Fylkesfotoarkivet. Materialet etter Sverre går langt inn i vår eiga tid, og med den nye personvernlovgivinga vil det vere eit omfattande arbeid å ivareta alle juridiske rettar med omsyn både til fotograf og dei som er fotograferte. I dag er berre ein liten del (1.429 foto) tilgjengelege for pulikumssøk i arkivet.
Tilgjengelege Brudevollbilde august 2022.
JN
______________________________________________
Flyfoto Vanylven: Widerøe 1950-åra
Klikk for å sjå bilda frå ca. 1953-55!
______________________________________________
Flyfoto Vanylven: Widerøe 1960-åra
Klikk for å sjå bilda frå ca. 1962-63
_______________________________________________
Bryllaupsfoto 1907 Gardsgarden
For snart 117 år sidan var det samla mykje folk i tunet på Gardsgarden fremst i Nordalen i Syvde då Ane Arnesdotter Nordal gifte seg med Petter Paulsson Opsal.
Fotograf Storegjerde var til stades og tok bilde av forsamlinga.
Bildet er seinare skanna i litt større format, og personane er nummererte.
Eit førebels utkast til namneliste ligg her.