| Beskriving | Denne steingarden starter ved vatnet og går opp langs kanten av Vardehornet langs Eggakanten, rundt Storhornet (namnet er feil, eg er vandt med Egga) og eit stykke ned mot Høgeskaret. Der er også ein mur, på tvert. Der det er myr på denne strekninga ,er det ikkje steingard. Eg har eit vagt minne om nedrotna gjerdestaur der, men det minnet er så vagt at det kan vere feil..... Steingarden var for å hindre at dyra for utfor Eggakanten (Skade-egga er vistnok også eit namn på Eggakanten). Eg vil tru denne vart bygd etter at ein slutta å gjæte, avdi dyra då vel gjekk meir på sjølvstyr. I Jordskifte på fjellet rundt 1970-80 vart det sagt at det var bøndene på Strand som hadde bygd han, m.a.o. var ikkje Tørla med på det oppå Eggakanten. |