Eldhuset på Neset i Torvika.
Av Marit Margrete Berget
Eldhuset på Neset ligg i Torvika, på garden Lille Torvik 44/2 på Åheim. Garden ligg fint og solrikt til med utsikt mot Stadt og Vanylvsfjorden, Bruket vart til dagleg kalla «Gildrevika», fordi dei før i tida hadde gildrer (fangstreiskap) her til fangst av oter. Men i dagleg tale seier vi ut på Neset.

Her ser ein tydeleg kor fint og føreseggjort alt er, og alt er av naturleg gråstein og naturheller på taket. Biletet er teke 2018. Foto: Marit Margrete Berget.

Inngangspartiet på endeveggen mot sjøen. Døra er av treverk med hengsler og lås av smijarn.
Biletet er teke 2018.
Foto: Marit Margrete Berget.
Eldhuset
Eldhuset på Neset vart bygd i 1875 av Jon Jonsen Lunde. Det er mura/bygd i stein med grue, skorstein og hellelagt golv, berre døra, møneåsen og 2 takåsar er av tre. Elles er alt av stein og steinheller. Huset er veldig fint og føreseggjort innvendig. Heile endeveggen er veldig tjukk, der grua er inni sjølve veggen med skorstein rett over. Opp under rafta på steinmuren på begge sider er der eit innrykk, slik at der vert ei lang hylle på kvar langside. Denne vart truleg brukt til å sette frå seg panner, skåler m. m. Seinare har det vorte laga ein sittebenk langs eine veggen.
Grua vart mykje brukt til å tørke korn om hausten. Dei røykte og laks og fisk der. Elles steikte dei lefse og flatbrød og sume tider vart det kokt mat/middag der. Slike eldhus var nesten på alle gardar før i tida, og var nok naudsynt for å overleve, for som nemnt så kunne huset brukast til det meste.
Eldhuset innvendig. Biletet er teke 2018.
Foto: Marit Margrete Berget.

Innrykk på steinmuren opp under rafta, slik at der vert ei lang hylle på kvar langside av eldhuset innvendig.
Biletet er teke 2018.
Foto: Marit Margrete Berge Jon Jonsen Lunde
Dei fyrste brukarane på Lille Torvik 44/2 var Jon Jonsen Lunde, Stryn f. 1841- d. 1918 g.1.g. m. Oline Andersdtr. Føleide, Gloppen f. 1848 – d.1890. Dei kom hit i Torvika på Åheim i 1875. Han g.2. g. 1893 m. Eli Andersdtr. Føleide, Gloppen f. 1851 – d. 1893. Han g. 3.g. m. Marie Jørgensdtr. Vereide, Gloppen, f. 1847 – d. 1939.
Jon Jonsen Lunde var ein drivande kar som bygde opp alle husa på garden. Våningshuset kjøpte han i Nordfjord og flytta det til garden Lille Torvik. Like eins bygde han løe, fjøs, naust og dette flotte eldhuset. Då dei kom her var garden berre utmark, så Jon Jonsen Lunde dyrka opp nesten alt som er av innmark i dag. Han dreiv fiske og var bas på notlaget i tillegg til gardsdrifta og om vinteren var han skomakar. Han hadde og tidlegare vore jekteskipper på jektene til Tollef Lem Ravn, som sigla mellom Åheim og Bergen.

Biletet viser notlaget «Nyelaget», som det heitte, når dei etter eit kast tok opp sild utanfor Lykkja i Torvika på Åheim. Notlaget hadde naust der. Mannen med svart hatt og kvitt skjegg, som står i båten midt på biletet, er Jon Jonsen Lunde. Båten bak er notlaget sin spelbåt og opp i den er ser vi fem mann. Mannen med skinnhue bak til venstre er basen Severin Fagerlund, Åheim 46/3. Han med ryggen mot kamera er Johannes Skalde, Thue 71/30. Dei andre mennene har eg ikkje klart å identifisere. Biletet er teke ca. 1910.
Foto: Ukjend.
Brukarar av garden
I 1913 tok sonen Johan Jonsen Lunde f. 1882 over bruket, han var ugift og døde i 1918. Sidan han ikkje hadde livsarvingar, så vart det eit søskenbarn av han frå Stryn som overtok bruket.
Johan Ingebrigtsen Erdal, Stryn, f. 1878 – d. 1962 g. 1919 m. Jørgine Jonsdtr. Hauge, Sandane f. 1894 – d.1978, dei kom hit i 1919 og busette seg her på Neset. Johan og Jørgine Erdal var i slekt med dei tidlegare brukarane. Jon Jonsen Lunde var onkel til Johan Erdal og Marie var tante til Jørgine.
I 1950 tok sonen til Johan og Jørgine Erdal, Jon Erdal, f. 1922 – d. 2018 over bruket. Han vart i 1952 gift med Lina Isaksdtr. Berget f. 1928. Løvoll 48/2.
Eldhuset er registrert av Historisk museum i Bergen.
Kjelder:
Bygdebok for Vanylven, bind II, av R. Emil Sæter.
Bygdebok for Vanylven av H. M. Fiskaa, Gard og Ætt
Lina og Jon Erdal
Åheim, november 2018