Berget-kvernhuset i 2008. Foto: Marit Margrete Berget

Berget-kvernhuset

Av Marit Margrete Berget.

 

 

Idyllisk til ved elva, omkransa av bjørkeskog og mosegrodde steinar, står det gamle kvernhuset. Det minner om ei tid som var då strevet for det daglege brød var daglegdags, og mjøl var, då som no, ein viktig del av kosthaldet.

 

Berget- kvernhuset

Berget-kvernhuset står lengst framme på Thuesida på Åheim, ved Reselva eller Veiradalselva som det står i kjøpekontrakta. Det står på ein innmarksteig på garden Holmen (Thue 71/2). Ingen som lever no veit sikkert kva tid kvernhuset vart bygd, men det er truleg veldig gammalt, kanskje frå midt på 1800-talet, eller lenger tilbake i tid.

Ingebrigt Kriken var eigar fram til 1901. Då dottera til Ingebrigt Kriken, Oline, vart gift på Skorge i 1896, fekk dei heretter male kornet sitt der inne, og trong ikkje lenger kvernhuset. Han selde då huset til Hans Iversen Mo (min tippoldefar på farsida). Kjøpekontrakta vart utstedt på svigersonen til Hans, Mathias Gulliksen Berget i 1901. Mathias hadde då i lag med kona Ane Birgitte, som var dotter til Hans, teke over garden. Berget-kvernhuset var mykje brukt både før og serleg under siste krig. Berget-karane var særs flinke til å male korn. Mjølet var veldig fint fordi kverna var fint innstilt. Når det var lite vatn i elva demde dei opp vatnet (Vaulvatnet) ved Vassenden. For å få male kornet måtte det vere god vassføring i elva.

Restaurering

Mathias restaurerte kvernhuset før krigen. Han brukte jern av tønner som det hadde vore vegsalt i til taktekking. På slutten av 1980-åra la soneson til Mathias, Iver, nytt tak av bølgeblikk og laga ny dør. Inne i kvernhuset er alt intakt, men vassrenna ute, eller sloket som det og heiter, er opprotna, likeeins er også spjelda borte.

Kvart tredje år får ungdomsskulen på Åheim omvising her, og eg fortel då historia attende til 1800-talet. Dette har eg gjort i mange år attende og eg føler at både elevar og lærarar set pris på det.

Eigar

Eigar av Berget-kvernhuset er Jan Berget (Thue 71/4) Dette kvernhuset er truleg det einaste som står att av alle kvernhusa som fanst i Åheimsbygda. Det er godt i stand og er brukt i undervisninga i ungdomsskulen på Åheim.

 

Kjelder: Bygdebok for Vanylven av R. Emil Sæter bind 2 og Iver Berget.

Åheim, november 2018

 

 

 

 

Bilete frå
sogelaget i Vanylven
Sogelaga i Vanylven