Birkedalstunet.
Av Marit Margrete Berget
Småbruket Birkedal ligg lengst framme på Thuesida av elva på Åheim. Fyrste brukaren overtok Birkedal (Thue 71/6) i 1886, då eigaren av bruket Thue 71/ 5 tok det frå åt seg sjølv medan han pakta bort hovudbruket. Som vanleg var på den tid, så hadde hovudbruka ofte ein teig lenger fram i bygda. Oldeforeldra mine, Mari og Jakob Joramo kom til Åheim tidleg på 1900 – talet og overtok bruket Birkedal i 1905. Mor mi, Olga Birkedal f.1921, vaks opp her.
Birkedal-tunet.

Tunet i Birkedal (Thue 71/55) vart fråskilt hovudbruket, (Thue 71/6) i 1982. I tunet er der fleire bygningar. Det eldste huset er frå 1800-talet og inneheld stove, løe, fjøs, vedahus og utedo. Desse bygningane er bygd saman i ein vinkel. Dette er ein gamal byggeskikk, som ikkje finst så mange att av i dag. Stova eller gamlestova som den vert kalla vart noko restaurert på 1970 talet, på grunn av lekkasje på taket. Løe, fjøs og vedahus er i dag slik det opphavleg var. Fjøsen har kistemur (2 murar med mold mellom), og jordgolv dekt med store steinheller. Buskapen har vore 2 kyr og 4 sauer. Det er funne to kjørr til kyr festa i kistemuren. Utedoen er restaurert med ny dobenk og kledning på 3 veggar, den fjerde veggen er den opphavlege gråsteinsmuren.

Det eldste huset i Birkedal-tunet frå 1800-talet. F.v. Gamlestova samanbygd med løe, vedahus og utedo. Under Gamlestova er det fjøs m/kistemur. Ein gamal byggeskikk frå før i tida.
![]() |
![]() |
Interiør frå Gamlestova i dag 2018. I dette rommet budde oldeforeldra mine då dei vart gamle på 1920-30 talet.
Det kvite mursteinshuset vart oppsett i 1920 av bestefar, Johannes Birkedal f. Joramo. Det er forskala og støypt, ein litt uvanleg byggemåte på våre kantar. Men Johannes Birkedal hadde tidlegare arbeidd på anlegga på Rjukan og der brukte dei denne bygge-måten. Huset inneheld, stove, kjøken, vaskerom og gang i 1. etasje. På loftet er der soverom og utloft. Kjellar under heile huset.
Den gråmåla garasjen er ei gamal grindløe som er flytta frå Åheim 46/19 for ein del år sidan.
![]() |
![]() |
Det kvitmåla mursteinshuset bygd 1920 Paviliongen frå 2004
Paviljongen i hagen har mannen min bygd i 2004, der er og laga til ein platting brukt til solplass. I hagen er der eit rikt utval av gamle staudar, rosetre, nåletre og frukt- og bærtre.
Brukstun.
Dette tunet er i bruk mange gongar for året, både privat og av andre til avslutningsfestar og grillfestar. Kvart år i juni brukar Elvablikk 4H tunet til arrangementet sitt ”Bygda Rundt”, med registrering og matservering her. Trur det var 17. gongen i år 2017.
Ungdomsskulen på Åheim er her kvart tredje år og får omvising i tunet og bygningane. Eg fortel då historia om småbruket og folket som levde her. Vanylven kommune ilag med Åheim Idrettslag brukte tunet til registrering for Grunnlovsmarsjen i 2014 (200 års-jubileet for grunnlova).

Ungdomsskulen på Åheim er i Birkedal-tunet kvart tredje år og får omvising i tunet og bygningane. Eg fortel då historia om garden og folket som levde her. Elevane er veldig interesserte å høyre om korleis forfedrene mine klarte seg på det vesle småbruket tidleg på 1900-talet. Her står eg på trappa sept. 2017 og fortel om dette.
Eigarar
Det er Marit Margrete Berget og Svein Bøstrand som eig Birkedal-tunet (Thue 71/55) i dag. Eigarane viser gjerne rundt viss nokon vil sjå og høyre historia om folket som levde her. Det er ein stille og roleg stad, berre elvesusen høyrest. Folk som ynskjer det må gjerne gå opp i hagen og sette seg ned og berre nyte det.
Kjelde: Bygdebok av R..Emil Sæter bind 2. – Alle foto: Marit Margrete Berget. – Nov. 2018
Gamle stauder og rosetre som finst i Birkedal-tunet.
‘
![]() |
![]() |
| Lilla syrin ved sol-plattingen i tunet. | Løyntnantshjarte og ballblom v/ Gamlestova. |
![]() |
![]() |
| Fagerfredløyse og rosespirea i hagen. | Raud peon ved husveggen. |
![]() |
![]() |
| Buskrosa Westerland | Gjerdesolhatt eller «Kyss meg over gjerdet» |
Åheim, november 2018.









