Duestemne.
Dueegga, stemnestad ved ferdaveg.
Av Marit Margrete Berget

Dueegga ligg på fylkesgrensa mot Nordfjord med Kjølsdalen og Haus på sørsida, og Almklovfjella og dei fremste gardane i Almklovdalen på nordsida. Egga ligg 787 meter over havet, med fin utsikt over bygder, fjorden og den vakre fjellheimen vi har her på Vestlandet. Før i tida var vegen over Dua ein viktig ferdselsåre mellom Nordfjord og Sunnmøre. Frå Syvde kom folk over Kilebrekka til Rota og Almklovsætra og gjekk vidare over Dua til Kjølsdalen, og frå Åheim kom dei opp dalen til Almklov og Almklovsætra eller Heimesætra som vi kallar den. Driftekarar for over fjellet her når dei skulle til dei årvisse marknadane sør og aust i landet. Kramkarar og ferdafolk tok den same vegen, og mange har funne seg ektemakar på ”andre sida av fjellet”. I den strevsame kvardagen som var på den tid, så var det eit høgdepunkt for mange å få gå over fjellet å besøke slekt og vener. Mellom dei fremste gardane i Almklovdalen og Kjølsdalen er det om lag 3 timars gange gjennom vakker og skiftande natur.
Stemnestad
Dueegga har lang tradisjon som stemnestad, Duestemnet. Tradisjonen var årviss, og den samla mykje folk frå båe sider av fylkesgrensa. Stemnet vart halde fyrste søndag i august, og det var ungdomslaga på sørsida og nordsida som var arrangør kvar sin gong. Der var godt program med taler, handskrive blad, song, musikk og leikar. Det er tydeleg at det må ha vore ei feststund for folk å kome på stemne på Dueegga, for etter fleire bilete å døme frå 1920 åra, er folk i finstasen. Mannfolka har på seg dress, kvit skjorte og slips. Kvinnfolka i fine kjolar med hatt til. Dei siste åra det var Duestemne var det fjellflora 4H i Almklovdalen som førde tradisjonen vidare på Møresida. Duestemnet har vore med og styrka mange slekts- og venskapsband mellom bygdene ved fylkesgrensa. Frå gamal tid har det vore mykje samkvem mellom desse bygdene, og den gamle stien over Dua har vore mykje nytta. Mange av dei gamle ræsene over fjella våre er i ferd med å gro att, og den gamle ferdavegen over Dua er heller ikkje så ryddig og synleg lenger.

Duestemne på Dueegga august 1924. Folk har pynta seg i finstasen.
Tek med dette flotte diktet om Dueegga, skrive av Lars Almklov:
Vårdagsferd til Dueegga.
Så høgt og glitrande i vårsol ligg ho,
av urtidskrefter flytta dit ein gong,
og viddesus og vindane omkring ho
dei syng som før sin ævelege song.
Og lendet skiftar mellom myr og steinmark,
langs råsa som mot høgda ber,
og når eg kviler ved den døkke djupa
eg høyrer spelet ifrå fossen der.
Her ser eg far av lette barneføter
som har som mål den solomflødde topp,
og far av føter som i aldring trøytnar
og tyngjande vart siste kneiken opp.
Kan hende vemodstankar er i fylgje med meg
og blandar seg i all min utferdstrong
om barneår og ungdomsdagar
då råsa imot toppen kjendest mindre tung.
Men vårdagsmilde vinddrag kjæler
og stryk bort skyer som står spegla der,
i tjern og fjellvatn og i klåre kulpar
og dei som eg i hugen ber.
Det kviler fred og tryggleik over rømda
der tind og toppar reiser seg så bratt,
på nytt eg ser dei med vårdis kringom kruna,
dei er som vener som eg møter att.
Så fører råsa inn mot nordvendt lende,
langs urda, der er skuggefullt og svalt,
og enno frys der juklar under breen
når det er klårver og vert nattekaldt.
Men opp frå snøen ragar kronglet fjellbjørk
som nølande si vårdrakt gjer i stand,
og bøyer seg for skuggesvale vindar
som går i voksteren sitt grenseland.
Snøydd og klipt, med berget grått og nake,
slik ligg egga der med varden på.
Eit panorama over fjell og fjord og bygder
og fjell på fjell så langt som ein kan sjå.
Her var det møtestad og her gjekk ferdavegen
som skapte samkvem mellom bygdelag,
og framleis møtest fjordafolk og møring
når her ved sommarstid er stemnedag.
Det skin i raudt der vest i himmelranda
når dagen hallar og det lid mot kveld,
og medan fargespelet leikar over fjella
då skal eg rikare få helsa mitt farvel.
Og vårdagsvinden stilnar no mot kvelden
og dogga over myra skin som sølv,
men gong på gong skal eg få leva oppatt
mi vårdagsferd i stunder for meg sjølv.

Duestemne med musikkorps og mykje folk. Det er høgtid å vere på stemne, eit kjærkome avbrot i kvardagen.
Kjelder:
Bygdebok for Vanylven av R. Emil Sæter bind 1.
Tidsskrift for Vanylven Sogelag 1996
Åheim, november 2018.