| Beskriving | Her finn vi berre grunnsteinen og bardunfesta. .Dette er restane etter torvhytta til Hans Sighaug, - 5/4 -. Den var bygt av tremateriale, og derfor er det lite restar att. For 15-20 år sidan var det framleis synlege fjøler og restar av brennetorv. I terrenget rundt hytta kan vi finna spor etter eit system med tilførselsløypestrengar til hovedstrengen som gjekk ned i bygda, og restar av desse strengane. Dette var ikkje ei rein torvhytte. Alfrida Myklebust fortalde at der var to køyar og eit bord i denne hytta. På grunn av den firkanta forma vart hytta på folkemunne kalla "Stampen" (Kåre Fiskaa). |