| Beskriving | Utsiktspunkt. Namnet på varden er i seg sjølv eit kulturminne. Opphavet til namnet er Peter Vik som ein del år budde på Myklebust 7/3. Han var fødd på 42/4 Ytre Vik i 1879. Han miste tidleg foreldra sine og voks opp hos slektningar i Syltefjorden. Peter Vik vart hotellmann og arbeidde mange år i Haugesund. På sine eldre dagar kjøpe han seg eit lite hus som han fekk sett opp på Myklebust fordi han var i slekt med kona på garden. Han var ein ivrig fjellmann og tok ofte turen opp til utsiktspunktet som fekk namnet etter han. Då han blei gammal kjøpe han seg inn på aldersheimen på Åheim, men då den vart nedlagd måtte han flytte til Nordfjordeid. Han døydde og vart granlag der. |