| Beskriving | Vidnes 24/2 og 6 - Kvernhus i Vidnes-elva, ved sjøen. Her sto tidlegare kvernhus for 24/2. Dette hadde etter kvart vorte nokså dårleg. Kvernhuset for bnr 6, på oversida av fylkesvegen hadde vorte noko skada pga at elveløpet hadde vorte endra. På 1990-talet vart begge kvernhusa rivne og sett oppatt nede ved sjøen. Ein del av begge husa vart nytta oppatt, men mykje vart og fornya. Vassrenna er øydelagd/borte. Der var elles eit kvernhus til lenger oppe i elva, tilhøyrde 24/1. Det er borte for lenge sidan. |