Åheim gamle handelsstad.

 

Av Marit Margrete Berget

 

Åheim var tidleg ein sentral stad i Vanylven. Dette var truleg ein av grunnane til at dei bygde fyrste kyrkja her alt på 1100-talet. Opphaveleg var det berre ein gard på Åheim, – ein ættegard med fleire huslydar av nærskylde som budde i same tunet. Den låg der «Gamletunet» eller Grubsetunet er no og her voks det fram budstadhus og uthus etter kvart som talet på huslydar auka. All jord nord for elva frå sjøen og fram til Gusdalsvatnet høyrde garden til då.

Seinare vart arealet stykka opp, fyrst Løvoll og seinare Årøy. Folk som flytte til desse nye tuftene såg framleis på Åheimtunet som heimstaden sin fordi ætta budde der. Difor sa dei «heim i tunet» når einkvann skulle dit. Dette ordtaket lever enno.

 

Busetnad og steinalderfunn

Då storisen smelta fordi verlaget vart varmare etter den store istida, fossa digre breelvar ned langs dalar og lider mot vest-nordvest til Åheim –Thue og fjorden der. Elvane førte med seg ei meng med sand og grus og dette lausmaterialet vart liggande som botnfall langs dei strendene som då var. I dag finn vi restar av det i dei høge terrassane kring i bygda, om lag 30 m over flodmålet no. Då landet etter kvart lyfte seg fordi istyngda minka, braut elvane ned dei gamle marebakkane og førte materialet vidare ut. No ligg det som underlag under dyrkajorda på gardane i bygda. Gjennom Åheimsbygda renn Åheimselva i bukter ut mot Vanylvsfjorden. Elva er ei rik fiskeelv både på laks, ørret og krede.

Så lageleg som naturtilhøva er her, vil det vere ein framifrå tilhaldstad for dei fyrste menneska som kom inn fjorden. Seinare slo folk seg til her som bufaste. Dette syner eit funn i 1946, som dei gjorde på bruket, Åheim 46/19. Då vart det funne ein flintdolk – 12,7 cm lang i ein åker (Arkeolog Per Fett), 1 m djupt og 45 m frå elva i 8-9 m høgd over flodmålet no. Denne åkeren låg i hagen på bruket vårt tett ved vegkrysset på Åheim. Dette tyder på at folk levde her alt i steinalderen (bondesteinalderen –1700 f. Kr.). Ei stor kvadratisk bronsespenne vart og funne i ein gravhaug på Åheim i 1868. Dette vitnar og om at folk budde fast her alt i bronsealderen (1700-500 f. Kr.), lenge før Kristi tid.

 

Historisk bilete av Åheim kring 1900-talet. Åheimselva buktar seg ned gjennom bygda, her har mang ein laks vore teke på land fram gjennom tidene. Fiskeplassen Rundesteinen t. h. Det er i slåtten, på gardane buktar hesjane seg langs etter bøane. Biletet er teke frå Kupa eller Reset.

Foto: Storegjerde.

 

Åheimgarden

Åheimgarden var ein av dei største i heile skipsreida i gamal tid, og som kyrkjestad vart han etter kvart den naturlege samlingsstaden for bygdefolk og for folk frå dei tilgrensande stroka på Stadt. Dette førte til at det voks fram handel her tidlegare enn andre stader i sokna.

Alt før 1520 vart dette bruket (Åheim 46/1) fråskilt den eldste Åheimgarden.

Det var eige bruk til 1665, men vart så nytta saman med bnr. 2 av mannen der til 1712. Så vart det eige bruk igjen til 1833 då Andreas Landmark slo det saman med bnr. 2. Ved skylddeling i 1847 skilde han det ut att og selde det til Tollef Lem Ravn. Eit par år seinare kjøpte Ravn og eine halva av bnr. 4 og la det attåt bruket her. I 1861 kjøpte han og bnr 2 og la halvparten av det til bruket her, som no vart største bruket i Vanylven.

Handel sidan 1600-talet

Menneska har alltid handla med kvarandre. Til å byrja med bytte dei reiskap og andre ting utan vidare, men etter kvart fekk dei pengar som både kjøpar og seljar godtok i staden for varer. I eldre tid var all handel ubunden av tid og stad, men i sein historisk tid sette ein og annan seg ned på lageleg stadar for å drive fasthandel som leveveg.

På Åheim har det vore handel sidan midten på 1600-talet. Men ein kunne ikkje byrja med handel utan vidare. Styresmaktene såg nøye etter at verksemda vart regulert gjennom forskrifter og privilegiar. For å kunne drive krambu på Sunnmøre måtte ein ha «borgerskab» i Bergen. Det vil seie at dei laut vere innskrivne som handelsmenn hjå borgarmeisteren der i byen. Det var ofte prestane og bøndene som dreiv handel på den tid.

 

 

 

Den gamle Åheimsbrua frå 1865-66. Åheimgarden med Gamletunet bak brua midt på biletet.

Foto: Truleg Storegjerde

 

Dei fyrste som handla på Åheim på den tid

I 1665 fekk Peter Hansen Kriken borgarbrev på handel i Åheimsbygda

1699 prestesonen Oluf Olufsen Lind, var dugande gardbrukar og dreiv nokre år handel her.

1750 Ole Olsen dreiv gardsbruk og handla med tobakk, øl og brennevin.

1763 Jørgen Rasmussen handla her eit par år.

1767 byrja Ingebrigt Pedersen handel på Åheim med øl og brennevin.

1770 kom prestesonen Nils Christian Schreuder (d.e.) til Åheim. Han var einaste handelsmannen i Vanylven i mange år og var den fyrste som bygde opp ein regelrett butikkhandel. Han var og postopnar på Åheim.

1822 held Nils Christian Schreuder (d.y.) fram med handelen eit par år, og postopnar til 1826.

Dei neste 10-12 åra låg «skipperborgere» frå Bergen her med jektene sine og handla med bygdefolket.

 

 

Andreas Landmark

I 1833 fekk Andreas Landmark, N-Brandal, f. 1808 d. 1887 kgl. privilegium å drive handel her. Og han var postopnar frå 1833-1846. Han hadde gått på Sem landbruksskule i Vestfold og dreiv Åheimgarden på ein framifrå måte. Andreas Landmark starta jordbruksskule her i 1845 – den fyrste i fylket, og ein av dei fyrste i landet. Men alt året etter vart skulen flytta til garden Åk i Romsdalen og seinare til Gjermundnes. Fleire unggutar frå Vanylven gjekk på jordbruksskulen hans, mellom dei var Jørgen Monsen Halse/Sundal og Anders Eriksen  Kroken frå Åheim. Begge hadde fått gode karakterar.  Andreas Landmark var og lensmann og ein føregangsmann på fleire måtar, serleg når det galdt jordbruk. I 1840 skreiv Andreas Landmark at han hadde starta ein planteskule på Åheim til «Opelsking af Frugttrær og af vilde Trær», men han visste ikkje korleis det ville gå med forsøket. Som lensmann prøvde han å hjelpe folket i Vanylven med vegbygging, og han gjorde framlegg om vegsamband Fiskå – Eidså – Koparnes.

 

Haugsholmen

Sidan  far til Tollef Lem Ravn (handelsmann på Åheim), Matias Tollefsen Ravn hadde vore handelsmann på Haugsholmen, tek eg med litt bakgrunnsstoff frå handelen der ut i havgapet.

Haugsholmen låg sentralt til i skipsleia, og var handelsstad litt tidlegare enn Åheim.

Alt i 1635 var Matz Frantzen handelsmann på Sandshamn. Truleg var han og handelsmann på Haugsholmen, og då han slutta i 1690 heldt Ole Olsen (d.e.) fram til han døde i 1698. Etter han kom sonen, Ole Olsen (d.y.), som let svigersonen sin, Lars Knutsen Wig få handelen her, medan han sjølv reiste til Ørsta. Begge var lensmenn i Vanylven i kvar si periode. I 1743 vart Peder Gensberg handelsmann i Haugsholmen og i 1757 kom prestesonen Magnus Reutz hit frå Volda. Då han slutta i 1770 kom Peder Glad som var her til 1798, då Jacob Munch tok over handelen.

I 1813 selde han både gardsbruket og handelen til Matias Tollefsen Ravn, (1791-1831) frå Eid. Matias Tollefsen Ravn vart i 1813 gift med Elisabeth Breder, frå Bergen. Dei handla i Haugsholmen frå 1814 – 1821 og flytte så attende til Eid. Deira son var Tollef Lem Ravn som kom til Åheim i 1839 og starta handel her.

Den siste handelsmannen som handla i Haugsholmen medan Sande låg under Vanylven, var Gammel Andersen Sandnes frå Syvde, gift med ei kvinne frå Vanylven. Han var handelsmann der frå 1821 – 1834. Folk her ifrå Vanylven hadde søkt dit gjennom ættled både for kjøp og sal og lån av pengar.

Handelen på Haugsholmen blomstra opp att då Rasmus Johannessen kjøpte Haugsholmen i 1834. Fyrste året han var her brann husa ned, men Rasmus bygde nye hus og dreiv framleis gjestgjevarstad. Han hadde jakter som dreiv frakting, bomsegljaktene «ANNE MARIE» og «PRÆSIOSA». Den første lasta 14 lestar og var den største førsleskuta i Herøy tinglag den tida. I 1877 tok sonen, Erik Rasmusson Johannessen til å handle her, men no gjekk det nedover med handelen. Haugsholmen vart i 1888 selt ved tvangsauksjon.

Med Samuel A. Frimanslund vart det atter ei stortid for Haugsholmen. Godt fiske gjorde sitt til det. Frimanslund dreiv forretning med sild, fisk og hummar. Han sa ifrå seg brennevinshandelen, som tidlegare hadde vore driven her. Samuel A. Frimanslund dreiv handel her frå 1888 til 1948. Dei tre eldste sønene overtok forretninga i 1927. Den livlege ferdsla her heldt seg til langt ut på 1900- talet. Frå 1920- åra til 1960- åra vart det drive sildoljefabrikk her, og i dei tidene vart det og bygd fiskarheim. Då dei gode fiskeåra tok slutt, gjekk det nedover med forretningslivet og fabrikkarbeidet på holmen.

 

Handelsmann Tollef Lem Ravn

I 1839 kom Tollef Lem Ravn til Åheim og byrja med handel. Han bygsla ein jordpart av Andreas Landmark året etter og i 1847 kjøpte han eit av Åheimsbruka. Seinare kjøpte han det meste av dei to andre bruka også. Den 8. nov. 1839 fekk Tollef Lem Ravn privilegium som handelsmann på Åheim og den 5. sept. 1848 desutan som gjestegjevar. Han var son til Matias Tollefsen Ravn på Haugsholmen, som seinare reiste til Nordfjordeid.

 

 

 

 

 

Handelsmannen Tollef Lem Ravn.

Foto: H. J. Haagensen, Ålesund 

 

Husa til bruket på Åheimgarden, Åheim 46/1 låg i «Gamletunet», der vegdelet er opp Prestebakken. Det var 14 hus i dette tunet, mellom dei ei stor løe som låg med eine gavlen ut mot elva og eit stort våningshus, som var bygd av Schreuderfolket. Ravn var ein dugande gardbrukar, men det var serleg som handelsmann han merkte seg ut. Han eigde skuter/jekter, dreiv med kjøp og sal av korn, sild og fisk, landhandel, bakeri og privilegert brennevinshandel. I Gamletunet var der og bødkerverkstad der 2-3 mann forarbeida tømmer til opp i 1860-år. Garden hadde og 2 sjøbuer og eit badehus ut ved sjøen, og langs stranda her låg det 22 naust. På garden kunne dei føde 20 kyr, 2 hestar, nokre sauer og eit par grisar. Ravn hadde to gardsdrengar, stuepike, husjomfru og ein butikkdreng. Der var ei stor drengestove kalla «Borstuen», der tenestefolket budde. Severin Rasmusen Klauen fortel i eit familieskrift frå denne tida, sitat: «Der var ofte meget løyer, især om vinterkveldene, men alt gikk sømmelig for sig». På stabburet var tårn og klokke som kalla arbeidarane til måltida.                                               

 Skilnad på løna

På denne tid var det stor skilnad på løna mellom kvinne og mann, sjølv om dei utførde same arbeidet. Johan Andersen Halse på Skaret i Sundalen fortel i eit familieskrift frå då han var dreng hjå Ravn, sitat: «Han leigde folk attåt dei faste tenarane. Ho Stabbur-Jakobina lika so ille at ho fekk berre 40 øre dagen, når han Hole-Andreas fekk 80 øre. Han Andreas var so pikke liten, mindre enn Jakobina. Det var ikkje løye om ho mislika dette, for ho plukka like mykje poteter i bytta ho, og då måtte løna vere den same. Ho Jakobina var for lite lur, ho skulle berre teke bukse på, so vilde ho fått 80 øre ogso»

 

Postopnar

Tollev Lem Ravn var  postopnar på Åheim frå 1846 til 1894. Han fortalde, at han alltid opna postskreppa sjølv, om han var heime, elles var det kona hans som gjorde dette. Ho fortalde at det som regel tok 5-6 timar å få posten ferdig på Åheim, så dei kunne sende den vidare. Elles var det vanleg at folk sende brev ved «Leilighed» som dei sa, – med folk som hadde ærend til ein gard eller ei grend og difor tok med brev utan betaling.

 

 

Slekta Ravn

Tollef Lem Matiassen Ravn f. 1814 d. 1897 g.1g. 1842 m. Anna Marie Margrethe Schjoldager, Talvik, f. 1815 d. 1877. Han g.2 g. 1881 m. Marie Olivia Haagensen, Ålesund, f. 1850 d. 1918. Han hadde 3 barn i fyrste ekteskap og 4 barn i det andre. Tre av barna døde unge, 24, 11 og 17 år gamle.

Barn i 1. ekteskap: 1. Matias Fredrik Ravn f. 1844 d. 1929. 2. Inger Elisabeth Ravn f. 1845 d. 1869. 3. Petra Mathilde Koren Ravn f. 1847 d. 1858.

Barn i 2. ekteskap: 1. Petra Elisabeth Ravn f. 1881 d. 1898. 2. Johan Daniel Stub Ravn f. 1884. d. 1918. 3. Thorvald Lembach Ravn f. 1885. d. 1923. 4. Anne Marie Margrethe Schjoldager Ravn f. 1893. d. 1989 (vart kalla Anniken).

Bestefar til handelsmann Tollef Lem Ravn, som også heitte Tollef Lem Ravn, dreiv handel, gjestegjeveri og gardsbruk på Gjerdet i Nordfjordeid. Han var frå Molde og ættling etter tollar Jonas Ravn og var fostra opp hjå sorenskrivar Laurits Stub, på Nordfjordeid. Han vart gift med dottera til sorenskrivaren, Gjertrud, og vart kontormann hjå han. Tollef og Gjertrud hadde to barn: dottera Gjertrud som vart gift med vegmeister Fredrik Torp og sonen Matias gift med Elisabeth Breder, Bergen. Matias og Elisabeth handla på Haugsholmen frå 1814 til 1821 og flytta så attende til Nordfjordeid. Sonen deira var Tollef Lem Ravn som vart handelsmann på Åheim.

 

 

 

 

Tollef Lem Ravn og kona Marie Haagensen med barna Thorvald, Johan og Petra Elisabeth Ravn.

Den yngste, Anne Marie (Anniken), var ikkje født.

Biletet er truleg teke rundt 1890. Foto: H. J. Haagensen

 

«Storfolket»

Det hadde mykje å seie for bygdefolket at dei hadde «storfolket» på Åheim å vende seg til gjennom fleire ættledd. Både materielt og kulturelt viste dei veg – noko som hadde sitt verd i ei tid då allmenndaninga var lita. Etter kvart døydde nokre av ættene ut medan andre flytta herifrå. Nye tider med større folkopplysning gjorde bygdefolket meir sjølvhjelpte og eit friare næringsliv verka til å spreie handelen. Alt dette var vel og bra, men på fleire måtar vart bygdelivet fattigare då «storfolket» var borte.

 

Våningshuset

I 1856 bygde Tollef Lem Ravn det store våningshuset vest for kyrkjegarden. Det var av tømmer, bygd i 2 1/2 høgd på gråsteinsmur med kjellar under og med teglsteinstak. På framsida mot vegen var det ei høg og «bekvem» steintrapp opp til inngangen. Til høgre for han låg storstova med 2 fag vindauge, ein «pragtovn» og med «papirtrek» på veggane.

 

 

 

Hagen t. v. og Ravnhuset t. h. tidleg på 1900-talet. Biletet er teke 1906 av John B. Rekstad – geolog som reiste gjennom Vanylven/Syvde.

 

Til venstre for gangen låg eit kammers med tapet på veggane, og beint framfor gangen var daglegstova med to fag vindauge, praktomn og måla lereftstrekk på veggane. Frå den kom ein inn i soverommet, og mot baksida av huset låg eit romsleg kjøken med «komfyrindretning», spiskammers og eit «vaskehus» av reisverk attmed kjøkentrappa. I andre høgda var det to «salar» ved sida av kvarandre i eine enden av huset og ein sal i den andre.Golva var måla her. Over heile huset var det mørkeloft. Det var eit flott hus på den tid.

 

 

«Krambod og Borgstuehus»

Kring 1860 vart det reist eit tilbygg i to høgder  langs nordsida av våningshuset, som var veggfast med det. Dette tilbygget vart kalla «Krambod- og Borgstuehus». Det var av tømmer, reist på grunnmur med kjellar under. I vestre enden var det krambu ca. 9 x 7 alner med 2 vindauge og ei trapp framfor inngangsdøra. Attom butikken låg «Borgstuen», 7 x7 alner med 2 vindauge og i austre enden av tilbygget var det eldhus og bakaromn. Det var loft over heile tilbygget som hadde skråtak, var bordkledd og måla utvendes.

I 1873 fekk Tollev Lem Ravn ny takst på våningshuset som nettopp var ombygt og gjort noko lenger enn før. Taket var no tekt med skifer og steintrappa på framsida var bytt om med ei « stor malt Trætrap». I fyrste høgda var dei same romma som før, men i andre etasjen var salane bygde om til soverom med skråkammers ved sida av. Alle rom i fyrste høgda var tapetserte og huset var bordkledd og måla utvendes.

Tollef Lem Ravn dreiv landhandel i våningshuset sitt den fyrste tida etter at det var bygd. Her handla han og med brennevin, men flytte verksemda inn i krambua i tilbygget då dette vart ferdig. Kring 1873 flytta han handelen til eit lite hus på nedsida av vegen nærare sjøen. Han hadde all handelen der til han gav frå seg garden og den andre verksemda til sonen Matias T. Ravn i 1881.

 

Sjøbu, kai og naust

Ute på neset bygde Tollef Lem Ravn ei stor sjøbud i 1850 åra. Ho hadde eit tømra salterom i fyrste høgda og eit tømra kornloft i andre. Bygdevegen som var bygd kring 1865, slutta her attmed sjøbuda der det var ein open plass langs med huset. Inn ved nordre enden av det låg eit lite «Badehus med Ildstæd» berre 2 alner frå. Frå enden av vegen bygde dei ein landgangsvorr kalla Langebryggja, utetter fjøra av omsyn til ferdafolk.

 

 

 

F. h. Grubsebuda, Ravnbuda m/badehuset, Lange-bryggja, tre naust, hestestallane, to naust/buder og den andre Ravnbuda ut på neset/kaiområdet. Foto: Ukjend.

 

I den gamle sjøbuda, som stod til ut på 1950-talet, dreiv dei brennevinshandelfrå 1890-åra og utetter. Av den grunn vart ho kalla «Sjappen» då.

Kring 1873 bygde Tollef Lem Ravn ei ny sjøbud på ei høgd, noko lenger nord på neset. Ho hadde eine gavlen ut mot fjorden og var av reisverk. Ein veg vart og bygd frå «Gamlesjøbuda» ut til den nye, og fyrst i 1890-åra bygde dei ei kai av stolpar framfor den gavlen som vende mot fjorden. Nokre år seinare vart trekaia bytt ut og ei steinkai kom i staden for ho. Ravn hadde og naust her ute på neset.

 

Løe, fjøs, stabbur og vedhus

Oppe i tunet hadde han stabbur og vedhus. Begge vart rivne kring 1900. Mellom dei andre husa som høyrde garden til kring 1873 var fjøs- og løebygning langs vegen vest for våningshuset. Fjøsen var bygd av gråsteinmur og låg under nordre enden av løa. Under eine enden av fjøsen var det gjødselkjellar. Løa var bygd av reisverk og hadde teglsteinstak. Dette huset vart og rive kring 1900. Då var det og bygd ny løe- og fjøsbygning nærare gamletunet.

 

«Kårstove»

Etter at han gav frå seg garden og den andre verksemda til sonen Matias T. Ravn i 1881, flytta Gamle Ravn til ei «kårstove» (Åheim 46/11), som han bygde i hagen ved sida av våningshuset, og sonen held fram med handelen til han drog til Bergen i 1894. Faren, som hadde privilegium på brennevinshandelen, flytte då denne verksemda til kjellaren i «kårstova».

 

 

 

Ravnhuset midt på biletet og Hagen til høgre.        

 Bilete truleg frå 1906. Foto: Ukjend.

 

Då han døde i 1897, pakta enkja bort brennevinshandelen til Elias Gjelstein, som flytta han til « Gamlesjøbua» ute på neset der han leigde rom. Han dreiv denne handelen der frå 1898 til 1908, då  Johan T. Ravn, son til Tollef Lem Ravn, tok over og heldt fram med verksemda til 1918. Då fall retten vekk fordi mor hans døde. Tollef Lem Ravn var den siste som hadde handelsprivilegium i Vanylven. Denne retten sat han med til han døde i 1897.

 

Fri varehandel

Den 25. mai 1866 kom det ei lov som tok bort nesten alle dei gamle stengslene for fri varehandel i bygdene. Lova slo med anna fast at vaksne og ustraffa personar fritt kunne setja seg ned som handelsmenn kvar dei ville mot å  løyse handelsbrev hjå lensmannen. På Åheim rådde Ravnfamilien for all handel og det tok lengre tid før «frihandlarar» slapp til der enn andre stader i Vanylven, men rundt 1900 var det fleire som starta med handel i Åheimsbygda.

Ravnhusa m/bakeriet (der det ryk frå pipa). Den kvitmåla butikken til Ravn, nokre naust og løa hans. Ved løa til Ravn ser vi litt av naustet til Andreas Landmark. Foto: Ukjend

 

Butikken til Ravn

Som før nemnt så flytta Tollef Lem Ravn i 1873 butikken sin til eit lite hus på nedsida av vegen nærare sjøen og her har det vore handel sidan.

Nokre år før 1900-talet byrja Malene Bøe, f. Støvreide og mannen Bernt Bøe med handel her, men slutta kring 1906. Dei dreiv hotell, var postopnarar og hadde dampskipekspedisjon. Seinare leigde dei bort handelen til fleire. Mellom desse var: Jacob M. Totland som handla her frå 1904 til 1915.

Rasmus Jakobsen Støvreide og kona Anne Marie Tollefsdtr. Ravn dreiv handel her frå 1915 til 1921.

I 1933 starta Ragnvald Osnes landhandel her med bakeri. Han leigde handelen og stykket  nokre år, før han kjøpte bruket (Åheim 46/22).  Han bygde nytt forretningsbygg  og utvida seinare med fleire bygningar m.a. bilverkstad, Senso Auto. Ragnvald Osnes og kona, Jenny, laga og selde fiskemat nokre år, og på 1960-70 talet dreiv dei også kafe og overnatting.

Etter kvart tok sonen, Arve, over handelen og sonen, Harald, dreiv bilverkstaden. Butikken til Ragnvald Osnes vart seinare flytta fram i det nye sentrumet, i forretningsbygget Mindorgården. I dag er den etablert der bensinstasjonen/gatekjøkkenet Fina var tidlegare. Butikken er i dag med i varekjeda Spar.

 

Andre som handla på Åheim

I 1900 opna Johan A. Grubse landhandel og bakeri i eit leigd hus ute ved sjøen nær «Gamlesjøbuda». Johan A. Grubse dreiv også meieri der ute. I 1920 bygde han ei stor sjøbud «Grubsebuda» ute ved sjøen, då flytta han meieriet til underetasjen i buda (der som seinare var bakeri). Grubsebuda vart brukt til lager av mjøl, kol, mottak og salting av fisk m. m. Nokre år seinare, i 1924,  bygde han butikk attåt buda og flytta landhandelen dit.

 

 

 

 

Grubsebuda/ butikken i 1997, to år før butikken vart lagt ned. Foto: Marit Margrete Berget    

J.A. Grubse dreiv butikken med litt leigd hjelp dei fyrste åra. Seinare når døtrene vaks til fekk han hjelp av dei. Han døde i 1972, og då tok to av døtrene hans, Ingrid og Margit, over og dreiv butikken fram til Margit døde i 1999. Butikken vart no nedlagt og både buda og butikken vart ståande til nedfalls. Grubsebuda vart dessverre seinare riven og eit historisk landemerke er vekke! Heldigvis er noko av inventaret og varene teke vare på og finst no i den rekonstruerte Grubsebutikken på Valborgsamlinga.

 

 

 

 

 

 

 

J.A. Grubse framfor butikken med sykkelen sin. Foto: Ukjend.

 

1908 vart Vannelvens Handelslag skipa med Lars O. Thue som styrar. Fyrste lokalet deira var eit stabbur på Thue, på garden Thue 71/5. Seinare vart butikken flytta til eit lite hus ved Langebryggja/Ravnbuda. Aaheim Handelslag (som laget heitte no) bygde i 1942 ny butikk attåt Ravnbuda, som dei hadde kjøpt i 1923 av Margit Ravn (kona til Johan Tollefsen Ravn).

Seinare var lærar Peter Lien styrar nokre år og etter han kom Knut Hatlegjerde. I 1946 vart firmanamnet forandra til Åheim Samvirkelag. I 1969 vart det bygd nytt forretningslokale til Åheim Samvirkelag lenger fram i bygda i det nye sentrumet.

Frå 1906 til 1910 hadde K. Drage og Iver Løvoll kvar sin handel her.

I 1920 hadde både Andreas Berge og Sigvald Lien butikkar på Åheim.

I 1928-35 hadde Andreas Moltu – Moltu & Co. butikk her.

 

Eigarar av Ravnhuset/garden.

Etter at Matias Tollefsen Ravn, son til Tollef Lem Ravn flytta til Bergen i 1894, vart bruket drive for buet si rekning til 1898, fordi den nye eigaren, Christian Fuglestrand døde på veg frå Bergen til Åheim. Den neste brukaren var Lars Jonsen Støvreide. Frå 1900 til 1937 budde Bernt Bøe og kona Malene i det store og staselege våningshuset. Bernt var postopnar og ekspeditør.

 

 

 

 

Husa i Ravngarden i 1950-åra. Foto: Ukjend

Dotterson til Tollef Lem Ravn, Einar Ravn Støvreide og kona, Jorunn, var brukarar frå 1939 til Einar døde i 1968. Einar var og postopnar og dampskipsekspeditør. Etter at han slutta tok dottera til Einar, Astrid Støvreide, over som postopnar og seinare svigerdottera, Målfrid Støvreide. I 1970 – åra vart huset renovert og taket forlenga over «Krambod og Borgstuehus», som var bygd attåt, slik at mønetaket gjekk langs etter huset.

I dette våningshuset som Tollef Lem Ravn bygde i 1856 har det vore postkontor heilt fram til 1980-åra, då både postkontoret og butikkane vart flytta lenger fram i bygda til det nye sentrumet. Berre Grubsebutikken var att ute ved sjøen.

Eigar av garden, Åheim 46/1 i dag er oldebarnet til Tollef Lem Ravn, Rasmus Bent Støvreide. Han er oppvaksen på garden og overtok den etter faren, Einar Ravn Støvreide i 1974. Rasmus Bent Støvreide og kona, Målfrid, har og restaurert og pussa opp huset og bygd til eit tilbygg, så våningshuset som Tollef Lem Ravn bygde i 1856 er i dag eit stort og staseleg hus.

 

 

Ravnhuset og «Hagen» september 2018.  

Foto: Marit Margrete Berget.

 

«Hagen»                                           

Som før nemnt så bygde Tollef Lem Ravn seg ei kårstove i hagen, Åheim 46/11, «Hagen», ved sida av våningshuset sitt, då han overlet garden og handelen til sonen, Mathias T. Ravn i 1881. Etter at Tollef Lem Ravn døde i 1897 budde  kona hans, Marie Olivia Haagensen Ravn der til ho døde i 1918.

Kring 1920 vart «Hagen» selt til Aaheim Handelslag, som skulle bruke huset til bustad til styraren. Den fyrste som budde her var styrar Knut Hatlegjerde m/fam. I dette huset var det mykje liv og røre. I yste stova heldt Aaheim Sparebank til og over banken budde «strikkerska», Anna Teigen frå Kjødepollen. Elles budde det mange i huset, både tilsette i butikken og andre. Dette fortel Elfrida Hatlegjerde i heftet «Åheim Samvirkelag 50 år».

Frå 1962 budde styrar Martin Varpe m/fam. i huset i «Hagen». Men frå 1978 vart «Hagen» bortleigt til ymse familiar. I 1988 vart det vedteke at Henning Hansen, som då leigde huset, skulle få kjøpe eigedomen. Henning Hansen og kona, Aud, restaurerte huset slik at den opphavelege utsjånaden vart bevart. Huset er i dag eitt av dei få verneverdige som finst att på Åheim.

 

Husmannsplassen Klauen

Eit stykke opp om Klauhammaren (Grubsehammaren) og sjøbuda til Tollef Lem Ravn, låg det på 1800 – talet ein husmannsplass, kalla Klauen. Dei siste brukarane der var Berte og Rasmus Klauen frå 1856 – 91. Dei hadde i alt 10 born, men ikkje alle levde opp. Borna reiste etter kvart til Amerika og då foreldra vart gamle reiste dei og over dammen til ”Det forgjette land”. Ein av sønene deira, Severin Rasmusen Klauen (1860-1951), som utvandra til Amerika i 1882, har i eit maskinskrive familieskrift fortalt om dagleglivet på Åheim på 1800- talet. Han fortel om sildesjau med kverking og salting og omlaking på sjøbuda. Tollef Lem Ravn hadde ei jakt som lasta 400 tønner. Den hadde eit mannskap på 3 mann. På ein Bergenstur i 1868 frå Bergen med varer forliste jakta i Skatestraumen. Då kjøpt Tollef Lem Ravn sluppen, som hadde vore lystsiglar, men vart ombygd til fraktebåt. Det var ein skarpsiglar som kunne gjere Bergensturen på halve tida. Der var dei berre to mann, og Rasmus, far til Severin, var skipper.

Etter kvart tok sambandet med Ålesund seg opp. Severin Rasmussen Klauen skriv vidare: «Åheim hadde dampskibsforbindelse med Ålesund i hjulbåtenes dage. Frå sør kom posten over fjellet frå Bryggen i Nordfjord. Han som bar posten begynte å blåse i sitt horn så snart han fikk se bygden og fortsatte slik nedover så det kunde høres like til Åheim. Det var meget interessant når posten kom, da det ikke var hver dag man fikk nyheter den tid – en gang om uken eller så». Han fortel også om korleis dei budde, om grannar m. a. Schreuderfolket i Saltvika, om matstell og kledebunad. I 1890 åra var det endå vanleg med svart knebukse med kvite hoser, i alle fall for eldre folk.

 

Samandrag

Etter at eg har arbeidt meg igjennom stoffet i bygdebøker og hefter føler eg at eg har vore på ei historisk reise gjennom fleire hundrede år. Denne reisa har vore utruleg interessant og eg har lært mykje om korleis menneska levde i mi eiga heimbygd. Sorg og glede, motgang og medgang gjekk nok hand i hand då som no. Men folk her langs kysten var sterke og gav ikkje opp så lett, for dei levde i pakt med naturen.

Dei siste 70-åra har det vore ei rivande utvikling i Åheimsbygda, mellom anna med at sentrumet vart flytta lenger fram i bygda, og det førte med seg at nye butikkar vart etablerte  der. Dette på grunn av at den store Olivinbedrifta, som starta 1948, trong meir plass ute ved sjøen. Dei fleste på Åheim har hatt arbeidet sitt ved AS Olivin, som har vore ein sikker arbeidsplass desse åra. Det som er mi store sorg er at mange av desse bygningane eg skriv om her er borte i dag.

                      

 

Kjelder:

Bygdebok for Vanylven, Ålmenn bygdesoge av Håkon M. Fiskaa 1965.

Bygdebok for Vanylven, Gard og Ætt av Håkon M. Fiskaa 1957

Bygdebok for Vanylven, Ættebok 2 av R. Emil Sæter 1981.

Heftet ”Åheim Samvirkelag 50 år”. Vannelvens Handelslag (1906) 1908 – (1946) – 1953

Åheim Samvirkelag 1946 – 1996

Sandesoga band III, tredje utgåve. Redigert og oppdatert av Olav Myklebust.

Målfrid og Rasmus Bent Støvreide.

 

Åheim, november 2018.

Sogelaga i Vanylven