Erikeskylet.

Ei segn frå Sundalen.

Segna er ført i pennen av Otto Drage i samtale med Jostein Solheim og Jermund Rekkedal den 12.10.15.

I lendet ovanfor Gamlesætra i Sundalen finns ei steinhole som vert kalla Erikskjulet. Denne hola har namnet etter hovedpersonen i sagnet om Erik og pengemaskina.

Erik kom frå Hornindal og busette seg i Sundalen. Ein slektning til Erik hadde kome til Sundalen tidlegare og gift seg fremst på Grofsesida på ein plass kalla Bruhaugen.

Erik var ein dugande handverkar og som hjelpte grannane i dalen med ymse tekniske ting når det var trong for det. Han vart soleis ein omtykt sambygding. Han hadde eit godt auge til ei jente som heitte Synnøve på Skaret, og dei var mest å rekne som eit par.

Men det var tronge tider og Erik grubla mykje over korleis han kunne få pengar lettare enn gjennom det daglege slitet. Han arbeidde mykje med dette og det enda med at han klarde å lage ei pengemaskin. Denne maskina trykte ut sølvpengar, og Erik sette i gong produksjon av pengar. No blei det gode tider med mat på bordet og pengar til å kjøpe nødvendige ting.

Lenge gjekk dette bra, men til slutt vart Erik avslørt som pengeforfalskar. Dette var eit brotsverk som kunne føre til dødsstraff. Han vart etterlyst, og lensmannen med følgje kom til Skaret for å arrestere han.

Utsyn frå vakhusbakken. Foto Jermund Rekkedal

No var det slik at på Skaret var det ei vakthytte der ein kunne sjå all trafikk til dalane. Synnøve hadde vore innom hytta denne dagen og sett at det kom myndigheitspersonar mot Sunndalen. Ho fekk varsla Erik. Erik var lommekjend i området kring Kroken/ Skaret og visste om ei hole der han kunne gøyme seg. Han tok med seg pengemaskina og drog dit. Han vart verande der ein heil vinter og trudde at det heile skulle gå over. Synnøve bar mat til han kvar dag . Ho gjekk ikkje direkte til hola sidan det då lett kunne verte avslørt kvar Erik var om nokon fylgde etter ho. Ho gikk derfor til ein heller ovanfor Skaret kalla Synnøvehilleren der ho budde til ho var sikker på at ingen fylgde etter henne.

Med jamne mellom kom lensmann og soldater til Skaret for å sjå om Erik hadde dukka opp, men laut fara att med uforretta sak. Dei ante likevel han han fanns i Sunndalen og vart hjelpt av sambygdingane.

Men ein fin vårdag hadde myndigheten i løynd klart å følgje etter Synnøve til møtet med Erik, og det heile vart avslørt.

Då som no var det slik at for at nokon skulle bli dømd måtte det finnast bevis. Gode råd var dyre; skulle Erik prøve å lure seg forbi forfølgjarane og fare til Åheim, eller kanskje til Nordfjord? Han tok pengemaskina og la på sprang mot Bruhaugen. Då han passerte Grunnevatnet kasta han maskina i vatnet ved Rinden der det er som djupast. Han tenkte at dersom ho seig ned i mudderet ville det ikkje finnast bevis for pengetrykkinga.

Lensmannen fann ikkje Erik, så han kom seg unna. Ein veit ikkje kvar han tok vegen. Soga seier ikkje noko om kva som vidare hende, og om han kom attende til Sunndalen og Synnøve når det heile hadde roa seg. Erik vart lyst fredlaus sjølv om myndigheita ikkje fann bevis på at Erik trykte pengar.

Oppigjennom åra har barna i Sundalen hatt ei løynleg von om å finne maskina. Det har difor vore dukka og leita kvar gong barna har bada og fiska. Men maskina ligg framleis på botnen av Grunnevatnet.

Sogelaga i Vanylven